Hopp til innhold

No får dei post kun to dagar i veka

Frå og med i dag vil ikkje innbyggjarane på Eikemo i Etne kommune få posten på døra kvar dag. Regjeringa meiner Posten må ta ei ny vurdering og bli einige med innbyggjarane.

Eikemo

EIKEMO I ETNE: Her vert det frå i dag av berre levert post to dagar i veka.

Foto: NRK

– Me kjem til å be Posten om å sjå på vurderinga ein gong til. I den nye konsesjonen til Posten er me oppteken av at dei skal koma til semje med innbyggjarane som dei tener.

Det seier politisk rådgjevar i samferdselsdepartementet, Sigrid Brattabø Handegard frå Senterpartiet.

Ho er ikkje begeistra for Posten si avgjersle om å redusere postleveransen på Eikemo frå seks dagar i veka til berre to dagar i veka.

Sigrid Brattabø Handegard

BER POSTEN GJERA NY VURDERING: Politisk rådgjevar i samferdselsdepartementet, Sigrid Brattabø Handegard.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto

Følte seg pressa

– Post er ei viktig teneste og eg forstår at innbyggjarane på Eikemo ikkje er nøgd med å få ein reduksjon av posttenesta, legg ho til.

Det var i haust at Posten bestemte seg for å kutta den daglege leveringa av posten til den veglause bygda ved Åkrafjorden i Etne kommune i Sunnhordland.

Dei sa opp avtalen med Nils Kjetil Eikemo, som i årevis har arbeida med å frakte post til dei fem innbyggjarane på Eikemo.

Han har tidlegare uttalt at han følte seg pressa til å godta ein ny avtale med Posten.

Post- og teletilsynet vart kopla inn, men dei konkluderte med at det ikkje er ulovleg av Posten å kutta i posttenesta.

– Har møtt innbyggjarane

Posten meiner det ikkje er urimeleg at innbyggjarar i grisgrendte strøk ikkje får posten sin kvar dag.

– I enkelte område som ligg avsides til, så er det vanskeleg å halde oppe dagleg levering av post, seier informasjonssjef Pål Jakobsen i Posten.

– Er dette i tråd med Posten sitt samfunnsansvar?

– Det er i tråd med dei krava i konsesjonen som Posten jobbar etter, svarar Jakobsen.

Han seier at Posten har erkjent at dei handterte saka på ein dårleg måte i starten.

– Men vi har etter kvart komen i ein god dialog med innbyggjarane. Vi føler vi har møtt dei på halvvegen, då vi gav dei eit tilbod om post to dagar i veka med eigen båttransport, meiner Jakobsen.

Har tapt kampen

Men Nils Kjetil Eikemo er ikkje samd, og meiner at dialogen ikkje har ført til noko endring.

– Me vart tilbode to dagar og det står Posten framleis på. Sånn sett har ikkje forhandlingane ført fram til noko.

Han meiner det er er ei dårleg utvikling for bygda.

– Det vert veldig trist, men sånn er det vel å leva i Utkant-Noreg i 2013, avsluttar Eikemo.

Eikemo

ÅKRAFJORDEN: Eikemo ligg i Åkrafjorden i Etne kommune i Sunnhordland.

Foto: NRK