Hopp til innhold

Ber Hordaland kreve meir pengar

Mens oppryddinga og rassikringsarbeidet i Tokagjelet på fylkesveg 7 pågår for fullt, er fylkeskommunen i ferd med å gå tom for rassikringsmidlar til viktige prosjekt.

Tokagjelet

TOK VEGEN: Eit stort steinras tok i september med seg fylkesveg 7, Tokagjelet, i Kvam.

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Rune Haugsdal, fylkesrådmann

MYKJE UGJORT: Fylkesrådmann Rune Haugsdal er klar på at Hordaland treng meir til rassikring.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Fylkesrådmannen i Hordaland meiner fylkestinget må be om 200 millionar ekstra til rassikring i Hordaland dei neste tre åra.

Viss ikkje risikerer sikringa av det svært rasutsette Lussandberget på fv. 7 i Granvin å bli utsett, skriv avisa Hordaland.

– 300 mill. er ikkje nok

For peridoden 2014-2017 har Hordaland fått lovnader om 308 millionar kroner til ras- og skredsikring. Det er 11,7 prosent av den totale raspotten til Vegdirektoratet, men ifølgje fylkesrådmannen er dette ikkje nok.

– Midlane er ikkje tilstrekkelege til å fullføra prosjekta som var planlagde for perioden 2010-13, skriv fylkesrådmann Rune Haugsdal i si utgreiing til fylkestinget.

Omkøyringsveg for E16

Den smale og svingete vegen under Lussandberget langs Hardangerfjorden er utsett både for is- og steinsprang. Vegen er einaste omkøyringsveg når E16 mellom Bergen og Voss i periodar har vore stengd.

Ny veg og tunnel mellom Fykse og Kvanndal var i 2008 kostnadsrekna til nær 150 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lussandberget

STÅR I KØ: Lussandberget på fylkesveg 7 gjennom Granvin ventar på rassikring.

Foto: Statens vegvesen

Samstundes som Lussandberget står urørt, manglar det ikkje på andre rassikringsprosjekt i Hordaland. I tillegg kjem utgifter ein ikkje kan rå over. Ei av desse utgiftene er raset i Tokagjelet på fylkesveg 7 gjennom Kvam herad 15. september. Oppryddinga og rassikringa her er framleis ikkje ferdig, og rekninga er venta å komme på fire millionar kroner.

– Fylkestinget meiner Hordaland sin andel må aukast med 150-200 mill kr for perioden. Det er viktig at midlane kjem tidleg i perioden for å unngå ytterlegare utsetjing av Lussandberget, skriv Haugsdal i si tilråding.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Rasstedet i Tokagjelet søndag 13. oktober

TEK TID: Oppryddinga i Tokagjelet pågår framleis. Vegen er no open for kolonnekøyring med følgebil. I mens går det fylkeskommunale taksameteret.

Foto: Reidar Tolo

Hordaland på rastoppen

Hordaland står i dag på andreplass på lista over fylke med størst behov for rassikringstiltak. I 2011 registerte Statens vegvesen over 500 ras i Hordaland. Tala inkluderer steinras, sørpe-, flaum- og snøskred. Berre Sogn og Fjordane har fleire registerte ras og raspunkt.

I budsjettet for 2014 er det føreslått å setje av 1,8 milliardar kroner til drift-, vedlikehald og opprusting av fylkesvegane i Hordaland. Bybanebygginga i Bergen får truleg 1,5 milliardar kroner.

Den raudgrøne regjeringa løyvde til saman fire milliardar kroner til rassikring for perioden 2010-2019. Av dette går 50 prosent til europa- og riksvegar. Resten går til fylkesvegar.