Hopp til innhold

Ber frivillige søke hjelp etter helikopterstyrten

Frivillige og tilfeldige augevitne vart plutseleg del av den dramatiske redningsaksjonen etter helikopterstyrten. – Det har vore svært røffe forhold for dei som hamna oppi dette, seier brannsjef.

Helikopterstyrt ved Turøy

STERKE INNTRYKK: Det frivillige og augevitne opplevde under og etter styrten i går, kan føre til sterke etterverknadar, fryktar fleire.

Foto: Rune Meyer Berentsen

Då helikopteret frå Nordsjøen styrta i bakken vest for Bergen fredag, utløyste det ein stor redningsaksjon med store mannskap frå naudetatane.

Men dei som var aller først på staden var ei lang rekkje frivillige og augevitne som tilfeldigvis var i nærleiken då ulukka skjedde.

Varabrannsjef i Bergen brannvesen, Leif Linde, var sjølv delaktig i redningsarbeidet. Han rosar dei frivillige sin innsats.

– Mannskapa våre har framheva dei frivillige sin innsats. Det er ofte mykje frivillig innsats når det er ulukker, men her var det veldig stor frivillig innsats. Dei stod på og gav seg ikkje.

Reaksjonane etter ei slik oppleving treng ikkje komma med ein gong, det kan komma lang tid etter.

Leif Linde, varabrannsjef i Bergen

– Mange vil ikkje vera til bry

Men i den kaotiske første fasen etter ulukka blei mange av dei utsette for svært sterke inntrykk på skadestaden.

– Det har vore svært røffe forhold der ute. Faren etter ei stor hending som dette er at det er lett for å gløyma dei som hamna midt opp i det. Dei som hjelpte til. Dei som jobbar med dette til vanleg har rutinar for å tilverka slike saker, seier Linde.

– Dei seier at det var veldig spesielt det som dei har sett. Det kan nok ha vore i overkant for mange.

No ber han både kommunar og dei frivillige sjølv om å vera obs på etterverknadane av det dei har opplevd.

– Ikkje alle ser sjølv at det kan vera godt å snakka med noko, dei vil ikkje vera til bry. Reaksjonane etter ei slik oppleving treng ikkje komma med ein gong, det kan komma lang tid etter.

Dykkarar var tilfeldigvis på staden

Ein av desse var Georg Langeland som bur på vestsida av Turøy. Han drog ut i båt etter først å bli vitne til sjølve styrten.

– Me hoppa i bilen, køyrde til kaien og var i båt umiddelbart. Men me såg ingen overlevande, seier Langeland.

NRK kjenner også til eit dykkarselskap som var på ein heilt annan jobb like ved då styrten skjedde. Dei blei mellom dei første som kom til staden og leita etter overlevande. Til NRK fortel selskapet om ei traumatisk oppleving for dei tilsette.

Politiet fortalde i dag at det er eit svært vanskeleg identifiseringsarbeid dei står overfor.

Etter ulukka har det vore kriseberedskap hos ei lang rekkje kommunar på Vestlandet.

Les meir: Dette er dei 13 døde etter styrten

– Det er viktig at det er låg terskel for å be om hjelp, også for dei som har vore frivillige. Me som kommunar må stilla opp for dei, seier Harald Schjeldrup, byrådsleiar i Bergen.