I Bergen Tingrett er ein 60 år gammal mann dømt til fire år i fengsel for bedrageri.
Han er funnen skuldig i å ha lurt kvinna til å overdra eigedomar og verdiar for 1,9 millionar kroner til han. Overføringane fann stad i 2009, og kvinna var då svært dement, noko retten meiner mannen skal ha visst.
I tillegg har mannen kopla frå ringeklokka til kvinna, slik at det vart vanskeleg for andre å få tak i ho. Retten meiner mannen aktivt prøvd å hindre at heimesjukepleien fekk tak i kvinna, til trass for at ho var sjuk.
I dag har kvinna ei så dårleg helse at ho ikkje kunne møte i retten. Den dømte mannen meiner ho ikkje var dement då verdiane vart overført til han, og at ho var klar sist han såg ho, i 2010.
Retten trur ikkje på forklaringa til mannen, og meiner dei har bevis for at kvinna var så dement at han har skjønt det.
Kvinna skal mellom anna ha signert eit testamente der mannen skal arve hytta hennar, før ho nokre månader seinare førte den same hytta over på ein nevø.
Den fornærma og den tiltalte møttest tidleg på nittitalet. 60-åringen møtte kvinna då ho besøkte grava til foreldra. Mannen var tilsett som kyrkjegårdsarbeidar, og etter kvart utvikla dei to eit vennskap.
I tillegg til fire års fengsel, vert alle gåver, skøyte og testament ugyldige. Verdiane vert førte tilbake til kvinna.
– Straffa er ekstremt høg, og vil nok bli anka, seier forsvarar til 60-åringen, Jon Håkon Hegdahl, til Bergensavisen.