Hopp til innhold

Tankbåt og skøyte kolliderte – tok inn vatn

Ingen kom til skade då ein tankbåt og ei skøyte kolliderte med kvarandre i Osterfjorden.

Weller etter kollisjon i Osterfjorden

SKADAR I BAUGEN: «Weller» fekk skadar i baugen under samanstøyten med «Falksund».

Foto: RS Kristian Gerhard Jebsen / Redningsselskapet

Politiet fekk melding om samanstøyten klokka 11.10. Det er ein tankbåt og ei skøyte som har kollidert med kvarandre i Osterfjorden, nord for Bergen.

Ingen skadde

I skøyta «Weller» er det fire personar om bord, medan det er seks personar i tankbåten «Falksund». Ingen av dei skal ha kome til skade, men skøyta tek inn vatn ifølge politiet.

– Omstenda er litt uklare, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt og bekreftar at skøyta tok inn vatn som følge av kollisjonen.

Redningsfartøy var kjapt på staden og kunne hjelpe til.

MS Falksund til kai

KOLLIDERTE: MS «Falksund» ved kai på Sotra, her fotografert etter ulukka i mars i fjor.

Foto: Jan Inge Wik

NRK har vore i kontakt med kapteinen på MS «Falksund».

– Alt er bra her. Det er ikkje noko alvorleg, seier han, men vil ikkje kommentera hendinga ytterlegare.

Uklart kva årsaka er

Fungerande lensmann i Nordhordland seier det er uklart kva som var årsaka til kollisjonen.

– Vi har hatt folk på staden, men det er altfor tidleg å konkludere med noko enno. Kollegaene mine har hatt ein samtale med mannskapet på begge båtane. Vi skal starte etterforskinga, opprette ei sak og så ta avhøyr ut ifrå det, seier lensmann Svein Arne Hatlevik.

– Kor dramatisk var meldinga då dykk fekk den?

– Det er uvanleg at så store båtar køyrer i kvarandre midt på lyse dagen og midt på fjorden. Så dramatisk var det, men vi fekk rask melding om at det var ingen personskade, seier Hatlevik.

Slept til land

Kollisjonen skal ha skjedd i fjorden mellom Hordvikneset og Knarvik. Politiet melder no at skøyta «Weller» er slept inn til land ved Hjelmås, medan dei er om bord i «Falksund».

Slepet inn til land gjekk fint, ifølge politiet som no har avslutta om bord i tankbåten.

– Der gjorde vi ein promillekontroll. Ingen utslag på den så vi mistenkjer ikkje ruskøyring. No er vi på veg til Hjelmås for å snakke med dei som var om bord i skøyta, seier Kolltveit.

Skøyta «Weller» er 15 meter lang medan tankbåten «Falksund» er 74 meter lang. Sistnemnde vart omtalt i media i mars i fjor, då ein mann fall ned fleire meter i lasterommet på båten då den var under Sotrabrua og på veg inn mot Bergen.

osterfjorden