Hopp til innhold

Stakk av etter å ha køyrt på fire jenter i båt

Ein småbåt med fire jenter i 12–13 årsalderen blei påkøyrd av ein større båt i helga. – Me ser svært alvorleg på saka, seier politiet. No har båtføraren meldt seg.

Rosslansvågen, Holsnøy

Fire jenter i ein småbåt blei påkøyrd ved Holsnøy, nord for Bergen, i helga. Jentene låg i ro i ein 14 fot stor Askeladd då ein større båt køyrde inn i dei med høg fart, skriv avisa Nordhordland.

– Politiet ser svært alvorleg på saka. Dette kunne ha gått mykje verre, seier politioverbetjent Glenn Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

Det var kring 16.30 søndagsettermiddag at politiet fekk melding om at fire jenter i 12–13 års alderen hadde blitt påkøyrt av ein båt.

Båtføraren melde seg

– Føraren køyrde rett i sida på båten. Ei av jentene blei kasta rundt og slo seg kraftig i ryggen. Båten har store sprekkar, så det er inga tvil om at båten som køyrde i dei har hatt litt høg fart, fortel Våge.

Jenta blei sendt til legevakta, og er kraftig forslått etter hendinga. Dei tre andre jentene skal vere i god form.

Måndag ettermiddag meldar politiet at mannen som skal ha ført båten har meldt seg.

– Han hadde fått med seg alle medieoppslaga og tok sjølv kontakt. Vi skal no ta avhøyr av han i løpet av veka, for å finne ut kva som har hendt, seier Kvåle til NRK.

Etterlyser vitne

Politiet trudde først at dei som køyrde båten var fire ungdomar i 18-årsalderen. Men båtføraren som tok kontakt med politiet er ein mann i slutten av 60-åra.

– Etter påkøyrsla, stoppa båten litt for så å køyre vidare utan å gjere seg til kjenne, fortel Våge.

Han seier politiet ser svært alvorleg på at båtføraren stakk av etter å ha køyrt inn i småbåten.

Politiet ønskjer å komme i kontakt med personar som har sett noko. Våge seier dei ikkje kan sjå bort frå at føraren av båten kan ha vore rusa.

– Me kan ikkje sjå bort frå det i og med at dei køyrde frå staden etterpå.