Hopp til innhold

Barnevernet lar ikkje brørne få bu saman

Barnevernet let ikkje Faraidon Ahadi bu med bror sin. Fylkesmannen slår likevel fast at barnevernet har gjort ein god nok jobb.

Faraidon og Sahel Ahadi

FÅR IKKJE BU SAMAN: Faraidon Ahadi og storebror Sahel, flykta til Noreg saman. I Bergen er dei plassert i kvar sin bydel.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I byrjinga av desember opna Fylkesmannen i Hordaland tilsynssak mot barnevernet fordi Faraidon meiner han ikkje blir høyrd når han seier at han må bu med bror sin. No er konklusjonen klar.

– Barnevernet har gjort det dei kan, seier Øystein Breireim Jacobsen hos Fylkesmannen

Etter ei dramatisk flukt frå Afghanistan enda dei to brørne Faraidon Ahadi og storebror Sahel opp i Noreg saman. Den einaste familien dei to har att er kvarandre. Men Faraidon får ikkje bu saman med storebroren slik han ønskjer.

Årsaka er at Faraidon er under barnevernet, medan Sahel har status som asylsøkjar. For barnevernet er det uaktuelt at storebroren får bu på barneverninstitusjonen, difor søv Faraidon fire netter i veka hos storebroren på asylmottaket i Arna.

Flykta frå Taliban

Øystein Breireim Jacobsen

TILSYN: Øystein Breireim Jacobsen hos Fylkesmannen gransker barnevernet og saken til brødrene.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det er over eitt år sidan dei to brørne kom til Noreg frå Afghanistan. Dei flykta frå Taliban saman med vesleboren på tolv år. Han måtte dei la vere att på grensa mellom Iran og Tyrkia. Menneskesmuglarar tvang dei til å han vere att fordi han grein for mykje.

– Smuglaren sa at dei ville drepe han viss me ikkje forsvann, fortel Faraidon.

Kort tid før brørne la på flukt frå heimlandet, blei både systera og far til dei tre brørne drepne av Taliban. Det fekk mor deira til å sende dei tre ut av landet.

I dag veit dei ikkje kva som skjedde med veslebroren, eller kor mora og den siste systera deira er. Å få vere saman betyr alt for de to unge afghanarane.

– Eg seier at eg må få bu med bror min, men dei seier nei, seier Faraidon.

To afghanske brødre, har mistet store deler av familien, men får ikke et felles hjem i Norge. Den yngste har fått opphold og taes hånd om av barnevernet. Den andre har fått avslag på sin søknad om opphold.

Plassert i kvar sin bydel

Brørne løyser at dei ikkje får bu saman med å reise langt med buss kvar dag, for å overnatte samen på asylmottak i Bergen. I helga søv dei på ein barnevernsinstitusjon.

Faraidon si verje, Javad Jaghodi, meiner barnevernstenesta har gjort alt dei kan.

– Barnevernet har gjort ein god jobb i denne saka. Dei kan jo ikkje gjere noko dei ikkje har lov til. Eg syns det er forferdeleg at det ikkje finst ei betre ordning, men det er ikkje mykje å gjere med det, seier Jaghodi.

– Ei dårleg løysing

Øystein Breireim Jacobsen hos Fylkesmannen seier barnevernet har strekt seg langt for at dei to skal få bu saman.

– Me meiner den oppfyllinga Faraidon får, er forsvarleg. Han får dei tenestene han skal ha av Bergen kommune.

– Er det greitt at han søv ein annan plass når han er under barnevernet si omsorg?

– Det kan vere problematisk. Alle involverte partar er einige i at det ikkje er ei god løysing, seier Jacobsen.

– Har barnevernet gjort det dei kunne?

– Ja. Men på det menneskelege plan er nok alle einige i at dette ikkje er ein god situasjon for dei to.