Hopp til innhold

– Flyktningdebatten er på villspor

– Vi fokuserer for mykje på kva flyktningane vil koste, og for lite på kva dei kan tilføre landet, meiner administrerande direktør i Sparebanken Vest.

Jan Erik Kjerpeseth, adm.dir Sparebanken Vest

FEIL FOKUS: Adm. dir i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, meiner flyktningdebatten er på villspor.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Det vi treng no er ein dugnad og eit kollektivt løft slik at vi får dei integrert på best mogeleg måte. Både slik at dei kan få eit godt liv, men ikkje minst slik at vi får utnytta den ressursen desse flyktningane faktisk er, seier administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth.

Han er ein av dei mest kjende næringslivsleiarane i Bergen og går no inn i den norske flyktningdebatten.

Det har vore rekordstor tilstrøyming av flyktningar i 2015. UDI anslår at mellom 20.000 og 25.000 vil søke asyl i Noreg i år. Det er over dobbelt så mange som i fjor.

Banken har no invitert 300 asylsøkjarar til konsert i Grieghallen neste veke.

– For lite fokus på integrering

På scena vil det bergenske kompaniet Fargespill stå. Dei består av born og ungdom frå heile verda. Mange av dei kom også til Noreg som flyktningar og innvandrarar.

– Det er for lite fokus på integrering i flyktningdebatten, noko som er veldig problematisk. Om ein ser på debatten no snakkar ein om å finansiere mottak av flyktningar ved å kutte ned på språkopplæring og integreringsaktivitetar. Det meiner eg definitivt er eit blindspor, seier Kjerpeseth.

Video Megafon_fargespill2

HELD KONSERT: Kompaniet Fargespill har dei siste ti åra hatt konsertar i både inn og utland. Neste veker speler for flyktningar i Grieghallen.

Foto: Nyhetsspiller

Dei siste ti åra har Fargespill hatt konsertar både i inn- og utland. Neste veke vil dei stå framfor fleire hundre asylsøkjarar som er inviterte frå mottaka i Hordaland.

– Det vi held på med no er veldig kortsiktig og navelbeskuande. Vi er nøydde å utvide perspektivet. For meg er Fargespill eit veldig godt eksempel på kva vi må gjere meir av. Nemleg sikre at born og unge blir integrert i Noreg på ein best mogeleg måte, seier Kjerpeseth.

– Musikken foreiner

Mottaksleiar ved det nye mottaket for einslege mindreårige på Flaktveit i Åsane, Siv Østensen, seier tiltaket har blitt svært positivt mottatt.

– Musikken foreiner. Ungane synest det er kjekt og personalet gler seg til dette arrangementet, seier ho.

Fargespill er glade for at dei kan bidra til å gje flyktningane ei kulturoppleving.

– Det å få lov å vise fram Fargespill til denne gruppa av flyktningar vil kanskje få dei å tenke at dei har noko med seg av verdi som dei kan gi i denne byen her, trur ansvarleg for Fargespill, Sissel Saue.

Ho meiner kvar enkelt har ansvar for å bidra til integrering.

– Vi kan bli rausare kvar og ein av oss. Det er viktig no når det kjem så mange at kvar og ein av oss vågar å ta kontakt. Det skal så lite til, meiner Saue.

prosjektleiar oransje helse, Siv Østensen

SVÆRT POSITIVT: Tiltaket blir godt mottatt av prosjektleiar ved mottaket for einslege mindreårige på Flaktveit, Siv Østensen.

Foto: Marthe Njåstad / NRK