Hopp til innhold

Bakteriar frå Norskehavet kan gjere fiskeslo om til mat

Forskarar leitar på fleire tusen meters djup etter organismar som kan gjere restar frå fiskeindustrien om til mat for dyr og menneske.

Hypnocyclicus thermotrophus IR-2

FRÅ NORDSJØEN: Biletet er av den nye arten Hypnocyclicus thermotrophus IR-2, som er isolert og dyrka på lab ved UiB. Den er henta frå eit hydrotermalt felt i Norskehavet.

Foto: Universitetet i Bergen

Rundt gamle undersjøiske vulkanar i Norskehavet har forskarar funne unike og ukjente livsformer.

– I desse ekstreme miljøa kan det komme opp vatn som er fleire hundre grader varmt, og der lever det organismar som toler opp i 130 grader. Desse organismane inneheld molekyl, protein og enzym som er heilt annleis enn dei me har i miljøa på land, fortel Rolf Birger Pedersen, professor om bord på forskingsskipet G.O. Sars.

Og desse organismane kan syne seg å vere nyttige for oss på mange måtar. Målet med forskinga er blant anna å sjå etter enzym som kan brukast i norsk industri, til å lage mat til menneske og dyr.

– Kan lage brød og kjeks

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet på Ås, Uni Research, SINTEF, Universitetet i Tromsø. Det er Borregaard og Biomega på Sotra som brukar enzyma til å vinne ut nye produkt.

– Verda har eit stort behov for mat og ny energi. Me må gjere betre bruk av dei restråstoffa me har, som for eksempel restar frå fiskeindustrien. Ved hjelp av enzyma kan restane bli til mat til kjæledyr og menneske, forklarer Ida Helene Steen som er forskar om bord på G.O. Sars.

Dei har brukt enzyma til å bryte opp fiskeprotein i mindre deler til å lage brød, kjeks, milkshake, og sportsdrikke.

Runar Stokke, forskar ved Senter for geobiologi ved UiB.

Produkta er enno ikkje for sal, men publikum kan truleg både få sjå og smake under Forskningsdagene i Bergen til hausten.

– Dei har brukt enzyma til å bryte opp fiskeprotein i mindre deler til å lage brød, kjeks, milkshake, og sportsdrikke. Ein jobbar også med å kunne bruke dei til å produsere farmasøytiske produkt, seier Runar Stokke, forskar ved Senter for geobiologi ved UiB.

– Kan gje opptur for industrien

Steen håpar forskinga dei gjer kan gjere ein forskjell for norsk industri.

– Rundt dei varme kjeldene kan me kanskje klare å finne heilt nye produkt, og kanskje me kan klare å gjere dei prosessane som eksisterer meir effektive for industrien.

Et nytt fartøy til 46 millioner kroner skal jakte på skattene sjøsett og døpt i Bergen ned til 6000 meters dyp.

VIDEO: Denne ubåten til 46 millionar kroner skal hjelpe forskarane å finne fram til skattane som ligg i havet. NRK var tidlegare denne sommaren med då ubåten døypte seg sjølve.