Video Trim i arbeidstida i Fusa kommune - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ VIDEO: Polonese på sjukeheimen og bading i sjøen heile året. Uvanleg andre stader, men ikkje i Fusa.

Badar på jobben heile året

Kommunetilsette i Fusa badar i sjøen heile året og trimmar i arbeidstida. No har dei spreke fusingane utfordra kvarandre i to månader og gått tilsaman 200 millionar skritt!

Det er overskya og berre ti varmegrader. Ein kjølig vind ristar kraftig i lauvtrea utanfor kommunehuset i Eikelandsosen i Fusa.

I strandkanten like nedanfor står fire kommunetilsette og hutrar, med handklede og jakkar pakka godt rundt seg. Dei ventar på at fotografen skal gjera seg klar til å filma bading i den kalde fjorden. Men dei gjer det ikkje til ære for fotografen, dette gjer dei ein gang i veka heile året.

– Det er bra for blodomløpet, seier ein smilande Ella Marie Brekke Vangsnes etter at ho er oppe på land igjen.

– God nytte av trening

Heilårsbading i sjøen er langt i frå den einaste treningsaktiviteten for dei kommunetilsette i Fusa, som ligg ein times biltur austover frå Bergen.

Liv Næss - Liv Næss meiner trening i arbeidstida er svært positivt. - Foto: Åge Algerøy / NRK

Liv Næss meiner trening i arbeidstida er svært positivt.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Bøy og tøy på kommunehuset to gonger i veka er eit anna døme på organisert trening i arbeidstida i Fusa. På loftet på kommunehuset strøymer musikken ut frå ein bærbar CD-spelar, og ei gruppe tilsette følgjer rytmen under kyndig leiing frå ein instruktør. Raske rytmar for å få blodomløpet i gang. Roligare tonar til å tøya ut.

Liv Næss er ein av dei som trimmar på kommunehuset. Ho er svært glad for tilbodet, og meiner det er spesielt nyttig for dei som har mykje stillesitjande arbeid.

– Før gjekk eg mykje til fysioterapeut med stive skuldre, men no treng eg ikkje det lenger. Eg ser fram til desse øktene, fordi eg veit det gjer så godt. Det gjer underverk, seier Næss.

Trim for tilsette i Fusa kommune - Kommunetilsette i Fusa trimmar to gonger i veka. - Foto: Åge Algerøy / NRK

Kommunetilsette i Fusa trimmar to gonger i veka.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Fekk fart på Fusa

Denne våren har treningsiveren tatt heilt av, fordi kommunen har hatt eit to månaders aktivitetsprosjekt for alle dei 470 tilsette. Alle har fått utdelt skritteljar, og har vore inndelte i 20 lag. Kvar veke blei ei oppdatert "Fem på topp"-liste offentleggjort.

– Prosjektet har trigga veldig mange. Folk blei heilt ville. Det blei ein intern kamp om flest mogleg skritt, både på jobb og etter arbeidstid, seier prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit.

Håvard Ragnhildstveit - Prosjektet trigga veldig mange, seier prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit. - Foto: Åge Algerøy / NRK

Prosjektet trigga veldig mange, seier prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Andre aktivitetetar enn gåing og springing kunne omreknast til skritt, og mange spekulerte i å finna dei aktivitetane som mest effektivt kunne omreknast til mange skritt.

Resultatet blei over 200 millionar skritt då prosjektperioden blei avslutta i midten av april.

Ragnhildstveit er usikker på kor stor målbar effekt ein får av trening i arbeidstida, men seier prosjektet har gitt mange andre effektar.

– Prosjektet har virka veldig samlande på organisasjonen og sett eit positivt fokus på kommunen, seier Ragnhildstveit.

«Folk blei heilt ville. Det blei ein intern kamp om flest mogleg skritt.»

Prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit

Vinnarinstinkt gav siger

Det var laget frå Eikelandsosen skule som gjekk heilt til topps i den beinharde konkurransen om skritt. Lærar og lagleiar Espen Halhjem bestemte seg tidleg for at dei skulle vinna.

Espen Halhjem - Lagleiar Espen Halhjem bestemte seg for at laget hans skulle vinna. - Foto: Åge Algerøy / NRK

Lagleiar Espen Halhjem bestemte seg for at laget hans skulle vinna.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det hadde vore eit møte på skulen som eg ikkje var med på. Etterpå sa dei andre at dei hadde tatt ei avgjerd for meg, og det var å velja meg til lagleiar. Då tenkte eg at her skal dei jammen få kjørt seg, seier Halhjem.

Målet hans var både seier i konkurransen og ein livsstilsendring.

– Vi har tenkt skritt frå morgon til kveld. Når eg har lese for elevane har eg gått rundt i klasserommet. Når eg har vore vakt ute i friminutta har eg stått og hoppa og ned for å samla skritt. Dette har mange andre gjort og, seier Halhjem.

Halhjem syns og elevane har vore flinke, blant anna blant anna ved å vera ivrige deltakarar på ein motbakketur kvar veke.

– Mitt inntrykk etter prosjektet er at folk bevegar seg meir, seier lagleiaren for vinnarlaget.

Elevar frå Eikelandsosen skule på trimtur - Den faste motbakketuren til Eikelandsosen skule var med og sikra mange skritt i den interne konkurransen i kommunen. - Foto: Åge Algerøy / NRK

Den faste motbakketuren til Eikelandsosen skule var med og sikra mange skritt i den interne konkurransen i kommunen.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Få har rett til treningstid

Ein del arbeidstakar her i landet har rett til å trena i arbeidstida. Men dette gjeld berre 13 prosent av dei som er i fast arbeid, ifølgje ei undersøking gjort for Norsk Fysioterapeutforbund (NFF).

Blant dei som kan trena i arbeidstida er politifolk og tilsette i brannvesenet.

54 prosent av dei som ikkje har avtalefesta rett til trening i arbeidstida ønskjer dette, viser målinga til NFF.

«Arbeidsgiver skal, i tilknytning til det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet, vurdere tiltak for å fremme fysisk aktivitet blant arbeidstakerne.»

Arbeidsmiljøloven § 3-4

Arbeidsmiljølova krev berre at arbeidsgjevar skal «vurdera tiltak» for å få dei tilsette til å bli meir aktive.

Men fleire private bedrifter og offentlege etatar rundt om i landet har gått eit steg vidare og sett i gang med organisert trening – med full lønn.

Ulike meiningar om gevinsten

Blant dei som har prøvd trening i arbeidstida er eit byggefirma på Kongsberg. Dei fekk gode resultat i form av redusert sjukefråvær og meir motiverte tilsette.

Men ikkje alle er like positive.

Ei undersøking blant norske bedriftsleiarar viser at dei ikkje har tru på gevinsten av trening i arbeidstida . Berre 14 prosent av eit representativt utval av bedriftsleiarar meiner trening i arbeidstida er eit svært viktig tiltak mot sjukefråvær.

Leiarane får langt på veg støtte i sin skepsis frå ein internasjonal analyse av effekten ved fysisk trening for folk med ryggplager, skriv Aftenposten .

Avisa hentar konklusjonen frå ein artikkel av fire internasjonale forskarar, utgitt i tidsskriftet Scandinavian Journal of Work, Environment and Health.

Får meir energi

Dei badande i Fusa komune meiner dei får mykje energi frå heilårsbadinga.

– Dessutan handlar det litt om å flytta grenser. For det er jo å flytta grenser å koma seg uti når det er berre tre-fire grader i vatnet, seier Åshild Bråten.

Kollegaen trekkjer fram endå ein gevinst.

– Dette sikrar oss gode badetemperaturar om sommaren. Det blir jo heilt fantastisk å bada når sjøtemperaturen kjem over ti grader, seier Ella Marie Brekke Vangsnes.

Les og: Fire år etter «Bedre Puls»: - Bare én av oss beholdt de gode vanene | Kom deg over treningskneika - og finn bikiniformen! | - Alle har tid til å trene | Dette gjør du når kroppen stritter imot

Vinterbading i Eikelandsosen - Sjølv midt på vinteren badar tilsette i Fusa kommune i sjøen ein gang i veka. - Foto: Jan Egil Leirstein /

Sjølv midt på vinteren badar tilsette i Fusa kommune i sjøen ein gang i veka.

Foto: Jan Egil Leirstein