– Ordføreren er arrogant og vanskeleg å samarbeida med, og han skremmer kvinner ut av Austrheim-politikken.
Jan Nordø frå Bygdelista var knallhard mot ordførar Ole Lysø (Ap) i avisa Nordhordland i vår.
Bygdelista er nest største parti i Austrheim. Dei har veljarar heilt frå ytterst til venstre og langt til høgre, difor knyter det seg stor spaning til kor deira stemmekveg vil beita i år. Nordø er tidlegare RV-ar, og hans spark mot Lysø treng ikkje ha klangbotn i Bygdelista.
Ein annan markant opposisjonist har takka for seg før dette valet. "Oppviglaren" Truls Bauge, som tidlegare hoppa frå Framstegspartiet til Kystpartiet, hoppar no heilt ut av politikken. Og Kystpartiet stiller ikkje liste i Austrheim.
H+Ap
Arbeiderpartihøvding Ole Lysø avviser all kritikk frå Nordø. Han stiller på topp att, og partiet er det største i kommunen. No styrer dei med støtte frå Senterpartiet og Høgre. Mykje kan tyda på at Lysø slepp å varma opp stolen for nykomlingar, for i Austrheim ser det ut til at Høgre og Arbeidarpartiet har funne tonen.
Men dersom Høgre og KrF finn saman att, slik dei gjorde då Rolf Sandstad (KrF) var ordførar i sist periode, kan bygdelistestemmer sparka dei oppover. Då kan ordføraren heita Harald Sognnes (H) eller Helge Dyrkolbotn (KrF). Men det avheng av kor Senterpartiet finn mest varme.
Vil ha unge heim att
På alle vallistene til partia i Austrheim er det berre seks personar under 30 år, og kommunen er prega av at mange unge flyttar ut for å studera. Ny folkevekst og tilflytting har vore mål i mange år. Det siste store tiltaket for å trekkja til seg folk er å byggja opp eit flett nytt sentrum ned mot Åråsvågen. Også Austrheim håpar dei får veksa i takt med den nye storsatsinga på Mongstad.
Økonomisk er kommunen i godt gjenge, og det oppstod applaus under presentasjonen av rekneskapen i vår! Dei harde åra er over, og kommunen legg opp til å kvitta seg med fylkesmannen si klamme hand alt neste år.
Det er ikkje lett å sjå kva politiske saker som kan skapa storm i Austrheim dei neste fire åra. Dei fleste oppfattar det kommunale tilbodet som høgst oppegåande, men ein god del vedlikehald av skular og andre offentlege bygg står for tur i åra som kjem. Men det skapar neppe meir enn lett bris i kommunestyresalen.