Hopp til innhold

Nye MC-klubbar med fotfeste - politiet gjer grep for å stogge utviklinga

Politiet aukar kampen mot kriminalitet frå MC-gjengar. Samstundes har to nye klubbar fått fotfeste i Bergen.

Politirazzia hos Hells Angels i Bergen

AUKA KAMP: Politiet aukar kampen mot det dei kallar kriminalitet frå MC-gjengar. Biletet er frå politiet i Bergen sin aksjon mot Hells Angels sine lokaler i Helldalen i fjor.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Desse klubbane, der enkeltpersonar driv med stor kriminell verksemd, følgjer vi sjølvsagt ekstra godt med på, seier politiinspektør Tore Salvesen.

No styrkar politiet kampen mot 1-prosentsklubbane. Mellom anna med ei heilt fersk handbok for kommunar og politi. Outlaws og Devils Choice er to klubbar som no har fått fotfeste i Bergen, der Hells Angels allereie er etablert.

Torpedo-oppdrag og narkotikakriminalitet er felles interesser for mange av dei som er medlemmar i MC-gjengane, ifølgje den nye handboka.

– Politidirektoratet har vel beskrive dei som interesseorganisasjonar for kriminelle, som legg til rette for den enkelte kriminelle.

– Heilt feil

Talsperson i Hells Angels, Rune «Supern» Olsgaard

LEI: Talsperson i Hells Angels, Rune «Supern» Olsgaard, er lei av at dei blir sett på som ei kriminell gruppe.

Foto: Andrea Kluge / NRK

Det får talsmann for Hells Angels i Noreg til å reagere.

– Det er heilt feil. Eg har vore medlem i Hells Angels i 17 år no og veit at dette ikkje stemmer. Hadde det vore slik så hadde vel stort sett alle vore i fengsel, antar eg, svarar Rune Olsgaard.

Outlaws, som no er etablert med prøveklubb i Bergen er ikkje kjent for å vera blant venene til Hells Angels.

– Vi har sett andre stader at ein del klubbar rivaliserer. Det følgjer vi godt med på, seier Salvesen i politiet.

– Nei, vi har ingen rivalisering med nokon klubbar så det er ikkje noko å frykte, svarar Olsgaard.

Spør seg om det er lov

Uansett så er det politidirektoratet kallar det kriminelle MC-miljøet veksande. Nokre av måla som er beskrive i den nye handboka er å redusera talet på desse klubbane og hindra nyrekruttering.

– Politidirektoratet har sidan den nye handlingsplanen i 2011 prøvd å demonisere heile MC-miljøet.

Olsgaard i Hells Angels spør seg om det i det heile teke er lov å bruke kommunane i arbeidet mot MC-klubbane.

– Hadde dette skjedd mot ei anna folkegruppe, til dømes jødar, muslimar, fotballsupporterar eller kva som helst, så hadde det blitt ramaskrik.