Hopp til innhold

Nytt gatemagasin får refs for dårleg norsk

Forbrukarrådet reagerer på kvaliteten på eit nytt gatemagasin som vert selt av romfolk.

Gata magasin

DÅRLEG NORSK: Det nye gatemagasinet 'Gata magasin' ber preg av svært dårleg språk. Redaktøren skuldar på dårlege omsetjarar og lovar betring.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Vidar Heimseth

REFSAR: Vidar Heimseth i Forbrukarrådet meiner bladet ligg i grenseland av kva ein kan ta betalt for.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Bladet, med namnet "Gata magasin", er skrive på så dårleg norsk at det er vanskeleg å forstå innhaldet. Forbrukarrådet meiner bladet ligg heilt i grenseland for kva ein kan betalt for.

– Dette er eit blad eg neppe hadde betalt 100 kroner for om eg hadde kjent innhaldet, seier vikarierande regiondirektør Vidar Heimset i Forbrukarrådet i Hordaland.

– Omfattande dokumentarintervju og analyse av den forfølgelsen opptok når det gjelder sosialhjelpa for romafolk av den rumenske regjeringa, les han frå ein av artiklane i magasinet.

– Er det til å forstå?

– Det går vel an i nokon grad å gjette seg til innhaldet, seier Heimset med eit smil.

– Dårleg omsetjing

Gata magasin
Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Bladet består berre av artiklar om forhold i Romania, og det vert no selt på gata i Bergen. "Gata magasin" konkurrerer difor mot blada "Megafon" og "Folk er folk".

Den rumenske redaktøren innrømmer at språket i det nye bladet er for dårleg. Han skuldar på dårlege omsetjarar.

– Det er ikkje bra norsk, og det er ein stor skuffelse, seier Nicolae Stoika til NRK.

– Vi stogga trykkinga av bladet då vi skjønte at det var så dårleg.

No lovar redaktøren at neste nummer vil ha betre norsk.

Større takhøgde

Trass dårleg språk så medgir Forbrukarrådet at ein bør ha større takhøgde for eit gatemagasin.

– Ein betalar ikkje 100 kroner for vara. Ein betalar noko av summen til seljaren som står der. Det gjer kanskje at slike magasin kjem i ein anna kategori enn andre varer vi kjøper.

Stoika opplyser til NRK at dei som sel bladet får 80 prosent av salssummen.

Auka konkurranse

Nok eit gatemagasin til sals i bergensgatene betyr auka konkurranse. "Remi", som har seld Megafon på gata i snart tre år, merkar at noko har endra seg.

– Det er tøffare for oss, men det er for så vidt heilt greitt at dei gjer det på den måten. Viss dei slit og treng pengar er det betre at dei gjer det på ein ærleg måte framfor å sitje med ein kopp og tigge.