Hopp til innhold

Forskarar åtvarar mot influensavaksine

Forskarar åtvarar friske personar og helsepersonell mot å ta influensavaksine. – Det får ikkje ned sjukefråveret, og kan auke risikoen for alvorleg sjukdom, seier Svenn Erik Mamelund i Arbeidsforskingsinstituttet.

Vaksine

ÅTVARAR: Forskarar ved Folkehelseinstituttet åtvarar både friske folk, samt helsepersonell mot å vaksinere seg mot influensa.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Folkehelseinstituttet anbefaler personar som høyrer til visse risikogrupper om å bli vaksinert mot influensa kvart år.

Mange av desse gruppene er det einigheit om. Men at helsepersonell som er i kontakt med pasientar skal vaksinere seg er fleire forskarar ved Folkehelseinstituttet ueinige i.

–Uheldig på lang sikt

Folkehelseinstituttet anbefaler helsepersonell som er i jamleg kontakt med pasientar om å vaksinere seg. Det er det fleire forskarar som reagerer på. I ein kronikk i Tidsskrift for Den norske legeforening, går dei nærare inn på kvifor.

Svenn Erik Mamelund frå Arbeidsforskingsinstituttet åtvarar sterkt friske folk mot å vaksinere seg.

– Vi ser at vaksinen kan forhindre utvikling av immunitet av influensa. På den måten kan man rett og slett bli meir utsett for å bli smitta av andre sjukdomar, seier Mamelund.

Tidlegare forskingssjef ved Folkehelseinstituttet legg til at infeksjon kan vera ein fordel.

– Infeksjon kan beskytte mot seinare influensa, i tillegg til at det kan beskytte mot nye typar influensa seinare. Dei som vaksinerer seg kjem kanskje dårleg ut av det seinare, seier Haneberg, som er medforfattar av kronikken.

– Sjukefråveret blir ikkje lågare

I dag går fleire forskarar ut og åtvarar friske personar mot å vaksinere seg.

– Vaksinen mot influensa får heller ikkje ned sjukefråveret. Dessutan kan ei vaksine auke risikoen for alvorleg sjukdom, seier Mamelund.

No vil han skape debatt om helsepersonell framleis burde stå på lista over dei som skal bli anbefalt å vaksinerast.

– Meiner du at Folkehelseinstituttet må slutte å anbefale helsepersonell å ta vaksine?

– Ja, vi meiner i alle fall at det må diskuterast.

Lite skadeleg

Ingrid Smith

INGRID SMITH: Smittevernlegen på Haukeland universitetssjukehus meiner heilt klart at helsepersonell burde ta influensavaksine.

Foto: Privat

Ingrid Smith, smittevernlege ved Haukeland universitetssjukehus, er ueinig med Mamelund og meiner heilt klart at helsepersonell burde vaksinerast.

– På eit sjukehus behandlar vi dei eldste og dei dårlegaste pasientane. Dette er dei med størst risiko for å bli alvorleg sjuke, seier Smith.

Ho legg til at det er lite skadeleg for helsepersonell å bli vaksinert.

– Man blir berre smitta kvart tiande til tjuande år. Med tanke på helsepersonell som jobbar i kanskje ti år, vert dei kanskje smitta éin gong, hevdar Smith.

Ho legg til at skada ved å vaksinere helsepersonell er veldig liten samanlikna med den skaden dei utsett pasientane for.

Haneberg, Mamelund og sisteforfattar Siri Mjaaland, meiner at man heller enn å vaksinere helsepersonell og friske arbeidstakarar bør satse på intensivert vaksinering av risikogruppene. For få av desse vaksinerer seg i dag, hevdar dei.