Hopp til innhold

Foreldre arrestert for vald mot spedbarn

Politiet i Hordaland gjekk til aksjon i helga. To personar er sikta for vald mot eit seks veker gammalt spedbarn.

Bergen tinghus oktober 2014

Faren blir framstilt for varetektsfengsling i Bergen tinghus tysdag. (Arkivfoto)

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Det bekreftar politiet i ei pressemelding. Foreldra vart natt til sundag arrestert av politiet i Hardanger, etter mistanke om å ha brukt vald mot sitt felles barn.

Faren blir framstilt for varetektsfengsling, medan mora truleg blir framstilt for fengsling onsdag. Av praktiske årsaker går saka for Nordhordland tingrett.

Ber om fire veker

Politiadvokat Inger Lise Høyland vil ikkje gå i detalj om skadeomfang, men bekreftar til NRK at foreldreparet er sikta for lekamsskading.

– Me vil be om fire veker varetekt i fengslingsmøtet i dag. Utover det har eg ikkje fleire kommentarar, seier ei ordknapp politiadvokat Inger Lise Høyland til NRK.

Det er advokatfullmektig Mads Falck Berven som forsvarar faren i fengslingsmøtet i dag. Han vil ikkje kommentera saka no.

– Eg vil komme tilbake til det seinare, seier Berven til NRK.

Lukka dører

Fengslingsmøtet i Nordhordland tingrett er noko forsinka. Barnefaren kom til tinghuset i Bergen no klokka 13.40. Mannens forsvarar bad om lukka dører i fengslingsmøtet, og fekk medhald i det.

Politiet vil be om fire veker varetekt med brev- og besøksforbod.