Hopp til innhold

Hundrevis i aksjon på E16 for trygg veg

– Vi vil vise samferdsleministeren at noko må skje. Vegen er farleg slik den står i dag, seier Laila Himle, som står bak «gå sakte-aksjonen».

Laila Himle, E16, aksjon

LEI AV Å VENTE: Aksjonsleiar Laila Himle arrangerer aksjonen for å få fortgang i avgjersla om den nye E16-traseen.

Foto: Privat

Innbyggjarar langs hovudvegen mellom Oslo og Bergen er leie av å vente på ny veg. Denne helga arrangerer innbyggjarar mellom Voss og Bergen ein «gå-sakte-aksjon» for å presse samferdsleministeren til å ta ei avgjersle om kvar den nye traseen skal gå.

– Slik eg har forstått det har samferdsleministeren allereie for over halvanna år sidan lovt å kom med eit svar. For å få det inn i Nasjonal Transportplan er det viktig at denne avgjersla kjem før jul, seier aksjonsleiar Himle.

E16 til og frå Bergen har blitt kalla «dødsvegen», på grunn av høg førekomst av både alvorlege ulukker og mange rasfarlege plassar.

Det er russisk rulett.

Laila Himle

– E16 er russisk rulett

Dersom dei ikkje lukkast fryktar Himle at dei vil måtte vente årevis før noko blir gjort med vegen.

– Målet er å få byggestart i 2018. Vi håpar aksjonen kan få merksemda til ministeren, seier Himle.

Fem ulike alternativ for ny E16 har vore diskutert, som varierte i pris frå 2,8 milliardar til 55 milliardar kroner. Det mest populære «K5-alternativet» legg opp til å kutte reisetida med bil Bergen-Voss frå 72 til 46 minutt, med mellom anna åtte nye tunnelar for bil og tog.

Ras ved Stanghelle E16

DØDSVEGEN: E16, hovudvegen mellom Oslo og Bergen, er kjend både for sine mange ulukker og ras. Her ved Stanghelle-tunnelen.

Foto: Karl Martin Valestrand

Himle er klar på at dei ser på K5 som den klart beste traseen. Denne har tidlegare fått kritikk for å vere for dyr med ein prislapp på 33 milliardar.

– Vi kan ikkje leike med liva våre på denne måten. Det er for mange farar på strekninga i dag, mellom anna 29 rasfarlege område. Det er russisk rulett, og vi kan ikkje reknar pengar i liv, seier Himle.

Kan bli kø som følgje av aksjonen

Himle fortel at fleire kvir seg på å køyre strekninga etter dei mange rasa. Ho håpar difor mange vil vise si støtte under aksjonen på søndag.

– Så langt synest eg responsen har vore kjempebra. Mange har engasjert seg i saka tidlegare, og eg håpar dei også viser det ved å stille på søndag, seier Himle.

I skrivande stund har 225 sagt dei vil delta på Facebook. Himle åtvarar bilistar om at aksjonen kan føre til kø rundt Stanghelle søndag ettermiddag.

– Eg vil oppfordre folk til å ta omsyn og planlegge for at det kan bli kø den dagen, seier Himle.

Kart over ny E16 K5-alternativet

TILRÅDD: Den sokalla K5-løysinga, som vil gi åtte nye tunnelar for både bil og tog og kuttar reisetida kraftig mellom Bergen og Voss.

Foto: Statens vegvesen