Hopp til innhold

– Dette er utelukkande mitt ansvar

I ein fersk rapport refsar Arbeidstilsynet arbeidsforholda ved Akvariet i Bergen. – Min feil, svarar direktør Kees Ekeli.

Even Romarheim og Kees Ekeli ved Akvariet i Bergen

TEK SJØLVKRITIKK: Direktør Kees Ekeli ved Akvariet i Bergen seier han ser mest alvorleg på at arbeidsmiljøet ikkje er godt nok. Tillitsvald Even Romarheim seier 2014 har vore tøft for dei tilsette på Akvariet.

Arbeidstilsynet besøkte Akvariet i Bergen i august i år. No er tilsynsrapporten klar og det er nedslåande lesing for bedrifta. Under besøket gjorde tilsynet fleire funn dei meiner syner at drifta ved verksemda ikkje er god nok.

Akvariet i Bergen

AKVARIET: I ein ny rapport får Akvariet i Bergen sterk kritikk. I rapporten varslar Arbeidstilsynet at dei vil koma med ti pålegg.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Akvariet får refs på punkt som organisatoriske forhold, HMS og opplæring.

– Verksemda har valt verneombod. Under tilsyn kom det derimot fram at verksemda ikkje i stor nok grad sørger for at verneombodet deltek i og samhandlar godt i arbeid knytt til helse, miljø og tryggleik.

– Generell medverknad og deltaking både innan verksemda sin HMS og drift/strategi er fråverande, heiter det i tilsynsrapporten.

Stiller spørsmål ved opplæring

Arbeidstilsynet lurer også på krav Akvariet har ved tilsetjingar og om opplæringa er god nok. Dei fekk også høyra under besøket at fleire i verksemda reagerte på låg bemanning i sommar.

– Verksemda opplevde i løpet av våren relativt stor avgang og gjekk inn i høgsesongen med låg bemanning, skriv Arbeidstilsynet

Dei krev at konsekvensane av dette blir kartlagt og at Akvariet legg til rette for at slikt ikkje skjer igjen.

I rapporten varslar Arbeidstilsynet at dei vil koma med ti pålegg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kees Ekeli og Akvariet

FÅR KRITIKK: Forhold som ikkje er gode nok her på Akvariet har eg ansvar for, seier direktør Kees Ekeli.

Foto: Leif Rune Løland

– Min feil

Akvariet seier dei jobbar med å betre forholda. Styret har sett seg ned saman med tillitsvalde for å gå gjennom alle pålegga frå Arbeidstilsynet og sjå korleis dei kan betrast.

Direktør Kees Ekeli seier til NRK at han ser mest alvorleg på at arbeidsmiljøet ikkje er godt nok.

– Dei tilsette føler dei ikkje har vore involvert og har ansvar til jobben sin. Og det har gått utover arbeidsmiljøet. Det er klart det er min feil. Forhold som ikkje er gode nok her på Akvariet har eg ansvar for.

Han seier Akvariet har hatt ein utfordrande periode,

– Men vi skal absolutt bli betre og no involverer vi alle.

– Fleire sa opp jobben

Tillitsvald Even Romarheim seier 2014 har vore tøft for dei tilsette på Akvariet. Han bekreftar funna i rapporten til Arbeidstilsynet og seier dei tilsette lenge har følt at dei ikkje blir involvert.

– Vi har bedt om endringar og at vi blir tatt meir med på avgjerder. For å få meir ansvar for det vi held på med. Det er gjerne ikkje leiinga som veit kva som er best for dyra.

Han fortel at det var fleire som sa opp jobben før sommaren, noko som gjorde høgsesongen svært tung for dei tilsette som vart att.

– Kva var grunnen til at dei slutta?

– Det er nok ein blanding av oppseiingar på generelt grunnlag og at nokon har slutta fordi dei føler dei ikkje har fått utretta det dei kom for å gjera.

Han seier dei tilsette no har inntrykk av at styret er imøtekommande.

– Vi håpar å kome styrka ut av dette.