Hopp til innhold

Ankar dommen mot Drevland

Eksadvokat Odd Drevland vart dømd til fengsel i to år og seks månadar for grovt underslag, men aktor er ikkje nøgd med dommen.

Benedikte Høgseth

IKKJE NØGD: Konstituert statsadvokat Benedikte Høgseth ankar dommen mot tidlegare advokat Odd Drevland.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Statsadvokat Benedikte Høgseth bekreftar ovanfor TV 2 at påtalemakta ankar dommen mot tidlegare advokat Odd Drevland.

– Vi har skrive ei ankeerklæring som motparten har teke imot. Saka blir oversendt lagmannsretten så snart vi har fått ankeerklæringa i retur.

Det var tysdag førre veke at Drevland vart dømd til fengsel i to år og seks månadar for grovt økonomisk underslag, bedrageri og dokumentforfalsking.

Meiner dommen er for låg

Odd Drevland

DØMD: Tidlegare advokat Odd Drevland, her i rettssalen ved ei anna anledning.

Foto: Johansen, Rune / SCANPIX

Eitt år av straffa vart gjort på vilkår. Høgseth seier dei ankar fordi dei meiner den konkrete straffeutmålinga som retten har lagt seg på er for låg.

– Vi meiner i tillegg at det ikkje er grunnlag for ein vilkårsbunden reaksjon, forklarer statsadvokaten til TV 2.

Då Høgseth la fram sin sluttprosedyre i rettssaka, bad ho om tre års fengsel. Ho la vekt på at Drevland ikkje burde få strafferabatt for å ha innrømma skuld, fordi den kom «lovleg seint».

Underslag på 2,9 millionar kroner

Drevland vart dømd for tre tilfelle av grove økonomiske underslag på totalt 2,9 millionar kroner. I rettssaka gav han uttrykk for at han ville legge saka bak seg.

– No må eg sette ein sluttstrek. Det inneber at eg erkjenne straffskuld etter heile tiltalen. Eg må kome meg vidare, sa Drevland i retten.

Men no kan det altså bli ein ny runde i retten for Drevland. Forsvarar Per Magne Kristiansen seier til TV 2 dei har tatt anka til etterretning og at dei ventar på avgjerda frå lagmannsretten.