Det er Simon Pramsten som har fått Amanda for beste foto for «Her er Harold» og Nicholas Sillitoe som har fått Amanda for beste musikk for «Dirk Ohm – Illusjonisten som forsvann».
Maria Ekerhovd i Mer Film AS er produsent for begge filmane og kan bli den store vinnaren av Amanda 2015.
Amandaprisutdelinga går føre seg i Haugesund i dag. Filmskaparar, skodespelarar, kritikarar og filminteresserte er samla i vestlandsbyen for fest.
Nominert til sju prisar
Den første delen av utdelingen byrja klokka 14.30 i dag, og det var her Ekerhovd og co. kunne sleppa jubelen laus for dei første prisane.
Ekerhovd er produsent for tre filmar som er nominert for til saman sju prisar.
«Her er Harold» er nominert i fire kategoriar – beste scenografi, beste foto, beste regi og beste mannelege skodespelar. Filmen «Mot naturen» er nominert til beste filmmanus og beste norske kinofilm. I tillegg er filmen «Dirk Ohm – Illusjonisten som forsvann» nominert i kategorien beste filmmusikk.
Prisen for beste scenografi vart også delt ut i føremiddag, den gjekk ikkje til «Her er Harold».
Jury
Den andre delen av utdelinga byrjar i kveld klokka 21.40.
Fire juryar beståande av til saman 18 personar utnemnt av filmbransjens organisasjonar har vurdert årets filmar for Amandaprisen 2015.