Hopp til innhold

Alvorleg svikt i skatteinntektene i Bergen

Skatteinntektene til Bergen kommune ser ut til å verta 175 millionar lågare enn budsjettert. – Dette er svært alvorleg, me er i ferd med å bruka pengar me ikkje har, seier finansbyråd Liv Røssland frå Framstegspartiet.

Liv Røssland

SKATTESMELL: Finansbyråd Liv Røssland frå Framstegspartiet og byrådet i Bergen la for høge skatteinntekter til grunn i budsjettet som vart vedteke før jul. Svikten i skatteinntektene kan gje store kutt i budsjettet.

Foto: Sølve Rydland

Skattetala for dei tre første månadane i 2015 viser at regjeringa bomma grovt på anslaga for skatteinntektene til Bergen kommune.

Kemneren i Bergen sine prognosar viser at skatteinntektene i løpet av 2015 ligg an til å verta 175 millionar mindre enn bergenspolitikarane tok høgde for i budsjettet som vart vedteke før jul.

Sjølv om NRK veit at mange på Bergen rådhus frykta at avviket skulle vera enno større, er finansbyråd Liv Røssland frå Framstegspartiet uroa.

– Dette er veldig alvorleg. Om me ikkje kjem på bana med tiltak, er me i ferd med å bruka pengar me ikkje har, seier finansbyråden frå Framstegspartiet.

Nedskjeringane i olje- og gassbransjen vert peikt på som den viktigaste grunnen til lågare skatteinntekter.

Tryglar regjeringa om hjelp

No set byrådet sin lit til ei hjelpande hand frå regjeringa. Håpet er at inntektssvikten kan verta kompensert når regjeringa legg fram Revidert nasjonalbudsjett 12. mai.

Men Røssland vågar ikkje å stilla for høge krav til si eiga regjering.

– Me forventar at dette vert tatt på alvor når me kjem til revidert nasjonalbudsjett 12. mai.

Forventar de at regjeringa dekkjer inn heile skattesvikten?

– Eg forventar at me vert tatt på alvor.

Kva meiner du med det?

– At Regjeringa ser at dette er ein svært vanskeleg situasjon for Bergen, og ein del andre kommunar som er sårbare for nedgangen i oljeindustrien, seier Røssland.

Reknar med kutt i tenestetilbodet

Rundt om i norske kommunar har mange grua seg til at dei nasjonale skattetala for mars skulle verta klare fredag. Diskusjonane om korleis ein skal hindra eit underskot på mange titals millionar, har pågått i fleire månadar mellom Høgre og Framstegspartiet sine folk på rådhuset i Bergen.

Å kutta 175 millionar i eit frå før trongt budsjett vert sett på som ei vanskeleg oppgåve.

Harald Schjelderup

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet Harald Schjelderup forlanger at regjeringa ryddar opp i inntektssvikten.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Eg har liten tru på at me greier å hamna i mål utan at me gjer tiltak sjølv. Det vil bety tøffe tak og at me må snu kvar stein.

Vil dette gå ut over tenestene til bergensarane?

– Med mindre Regjeringa rettar dette opp, vil ein måtte kutta i tenestene til bergensarane. Det greier me ikkje utan at innbyggarane vår vil merka det, seier Røssland.

Djupt uroa over økonomien

– Eg kan vanskeleg sjå føre meg at byrådet greier å dekka dette inn, utan at det vert gjort kutt i tenestene til utsette grupper, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet Harald Schjelderup.

Han er djupt uroa over den økonomiske situasjonen til Bergen kommune.

– Strikken er allereie strekt for langt. Kombinasjonen av sterkt aukande gjeld, pensjonsetterslep og no svikt i skatteinntektene inneber at byrådet er i ferd med å mista kontrollen. I det minste må regjeringa no visa at dei kan trø til ein spesielt vanskeleg situasjon for kommuneøkonomien i Bergen, seier Schjelderup.

Også Venstre sin gruppeleiar Julie Andersland er uro over inntektssvikten.

– Dette er svært alvorleg for den økonomiske situasjonen i kommunen. Først og fremst må me no gje klare meldingar til stortingspolitikarane om at dei må retta opp i den inntektssvikten som no råkar fleire kommunar, seier Andersland.

Harald Schjelderup

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet Harald Schjelderup forlanger at regjeringa ryddar opp i inntektssvikten.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Torstein Dale i Raudt er uroa for at inntektssvikten til sjuande og sist vil råka svake grupper.

– Bergen har køyrd seg inn i eit økonomisk hjørne. Eg fryktar at byrådet kan finna på nokon veldig trasige kutt på veldig viktige område. Så her må trykket først og fremst rettast mot regjeringa, seier gruppeleiaren til Raudt.