Hopp til innhold

Aksjonistar nekta å flytta seg

Ny aksjon frå mastemotstandarane i Hardanger. Statnett måtte skaffa nytt helikopter for å hente 30 arbeidarar ned frå fjellet.

Aksjon mot helikopter

Aksjonistar omringa dette helikopteret som var innleigd i samband med bygginga av den nye kraftlinja gjennom Hardanger.

Foto: Arild Grindheim / NRK

Like etter klokka 23 mandag kveld opplyste Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen at dei trekkjer seg tilbake og avsluttar aksjonen i Samnanger.

Aksjonen starta rundt klokka 16 i ettermiddag, då ei gruppe aksjonistar samla seg ved eit helikopter som er innleigd i samband med bygginga av den omstridde kraftlinja gjennom Hardanger.

– Vil stoppa helikopteret

Aksjonen skjedde på ein parkeringsplass ved Fossen Bratte i Samnanger kommune, ikkje langt frå Kvamskogen.

– Målet vårt er å gjera det umogleg for helikopteret å ta av. Vi vil halda på utover kvelden, sa aktivitetsleiar Håvard Gjerde i Hardangeraksjonen til NRK i ettermiddag.

Han hevdar at dette ikkje er ein organisert aksjon, men at dei 10-12 aksjonistane er der på individuelt grunnlag.

Skulle henta 30 arbeidarar

Aksjon mot helikopter

Aksjonen starta i 16-tida i dag.

Foto: Jostein Kjerland

Kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett sa tidlegare i kveld at dei hadde bede aksjonistane om å fjerna seg innan klokka 19. Helikopteret var leigd inn for å henta 30 arbeidarar ned frå fjellet, etter at dei var ferdige med arbeidsdagen sin. Statnett ville ha arbeidarane trygt nede igjen i god tid før det blei mørkt.

Aksjonistane nekta å flytta seg, og då ba Statnett om hjelp frå politiet. Samstundes greidde dei å få tak i eit anna helikopter, som etterkvart fekk henta arbeidarane ned frå ulike mastepunkt langs traseen.

– Vi ber fortsatt politiet om hjelp til å fjerna aksjonistane i kveld. Piloten er til stades for å passa på helikopteret, men vi er ikkje komfortable med situasjonen, seier Meldal til NRK like før klokka 21 i kveld.

Men politiet slapp å gripa inn då aksjonistane fjerna seg sjølv like etter klokka 23 mandag kveld.

Avslutta aksjonen

Aksjonistane var krystallklare på at dei ikkje kom til å fjerna seg.

– Vi ønskjer sjølvsagt ikkje å ramma arbeidarane, men Statnett kan skaffa andre helikopter eller få nokon til å guida arbeidarane ned frå fjellet, sa Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen til NRK like før klokka 19 i kveld.

Då NRK var på staden i kveld heldt aksjonistane på med å setja opp telt ved helikopteret, og hadde soveposar klare til overnatting.

Men eit par timar seinare hadde dei bestemt seg for å trekkja seg tilbake.

– Vi meiner aksjonen har vore vellukka. No trekkjer vi oss tilbake og planlegg nye aksjonar, seier Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen.

Ho innrømmer at dagens aksjon kan sjåast på som ei opptrapping av konflikten.

Ber fleire om å bli med

Hardangeraksjonen har hatt fleire mindre aksjonar den siste tida for å prøva å stoppa arbeidet med den omstridde kraftlinja, utan at det har ført til konfrontasjonar så langt.

Les og: Protestene fortsetter | Aksjonister stoppet arbeid

No vil dei ha endå fleire med seg for å prøva å stoppa arbeidet med kraftlinja.

– Eg oppmodar flest mogleg til å vera med på aksjonar, viss dei sjølv føler at det er rett å vera med, seier Håvard Gjerde i Hardangeraksjonen.

Han seier dei har tru på auka engasjement framover og minnar om at Alta-aksjonen starta med berre tre personar.

Video Aksjon mot mastene i Hardanger

SJÅ VIDEO: For ei veke sidan tok aksjonistane kontroll over eitt av mastepunkta på den omstridde linja.