NRK fortalde i dag at nærare 10.000 unge under 30 år går på blodtrykksmedisin. Det er ein auke på 70 prosent sidan 2004.
Helsepolitikar Sveinung Stensland i Høgre meiner livsstilsjukdommar hjå unge kostar Noreg store summar.
– Ein ting er kostnadane med blodtrykksmedisinar, men pasientane skal til lege og treffa anna helsepersonell. Det blir ein belastning på helsevesenet som i sum kan bli ein utfordring for velferdsstaten, seier Stensland.
Han er farmasøyt, stortingsrepresentant for Høgre og medlem av Helse- og omsorgskomiteen.
«Eldrebølga» og «ungdomsbølga»
Stensland er redd det kan bli krevjande å takle den mykje omtalte eldrebølga saman med stadig fleire unge med livsstilssjukdommar.
– Samtidig med ei eldrebølge som mange snakkar om, får me no ei ungdomsbølge av unge med livsstilssjukdommar. Konsekvensen er først og fremst at me får fleire pasientar.
– Me får ei ny pasientgruppe med unge med livsstilssjukdommar. Det gjer at ein belastar helsetenesta med andre pasientgrupper enn tidlegare, seier Stensland.
Stensland er klar på at dei unge sjølv som må ta grep.
– Løysinga her er at fleire tenker gjennom eigen livsstil, at fleire tenker gjennom kva dei et og kva aktivitetsnivå dei har. Slik kan fleire få ein sunnare livsstil.
– Kva med myndigheitene sitt ansvar?
– Myndigheitene gjer allereie ei rekke ting gjennom blant anna informasjonsarbeid, røykestopp og tilrettelegging for friluftsliv. Men den viktigaste aktøren når det gjeld å endra eigen livsstil det er ein sjølv, og ikkje myndigheitene.
– Ansvarsfråskriving av Høgre
Kjersti Toppe (Sp) sit i helse- og omsorgskomiteen og er heilt usamd i Stenslands standpunkt.
– Eg meiner dette er eit politisk ansvar og at det Stensland og helseminister Høie driver med er ansvarsfråskriving. Det er trist at folkehelsepolitikk er så fråverande i den politiske debatten og at Høyre-regjeringa ikkje tar nødvendige grep, seier Toppe.
Ho meiner denne NRK-nyheita ikkje bør komme som nokon overrasking.
– Vi veit nok om risikofaktorane om aukande fedme, inaktivitet og usunt kosthald, som er spesielt bekymringfullt blant dei unge. Dette er ikkje noko ein 15-åring aleine har ansvar for, dette handlar om helsepolitikk. Det må Høgre ta inn over seg, seier Toppe.
– Sosial ulikskap
– Dei som har det tyngst her i livet er ofte dei som synest det er vanskelegast å gjennomføra livsstilsendringar. Endringar som andre delar av samfunnet lettare greier, seier spesialist i allmennmedisin og tidlegare leiar for norsk foreining for allmennmedisin, Gisle Roksund.
Roksund merkar at fleire unge treng hjelp knytt til livsstilssjukdommar. Han meiner mykje dreier seg om sosiale forskjellar og at myndigheitene har eit klart ansvar for å utbetra desse.
– Politikarane bruker for sjeldan politiske tiltak for å utjamna dei forskjellane som er. Eg tenker at ein må hjelpa folk som fell ut av skule, samfunnsliv og arbeid. Det er ein viktig grunnleggande faktorar for å betra problemet med livsstilssjukdommar.
Roksund synest ikkje ansvaret berre skal leggast på dei unge sjølv.
– Sjølvsagt er det eit individuelt ansvar å ta ansvar for kroppen sin. Samtidig må politikarane sjå dei store sosiale forskjellane i samfunnet som skapar slike livsstilssjukdommar.
– Eg håper at ein med politiske verkemiddel kan snu denne epidemien, avsluttar Roksund.