Hopp til innhold

Vann pris for film om si eiga valdtekt

Linda Steinhoff sin personlege film om hennar eiga valdtekt vann prisen for beste norske dokumentar under Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) i kveld. – Overveldande, seier filmskaparen.

Linda Steinhoff

PERSONLEG: Filmen handlar om prosessen etter at Linda Steinhoff bestemmer seg for å anmelde valdtekta ho blei utsett for.

Foto: BIFF

Den ekstremt personlege historia til regissør og manusforfattar Linda Steinhoff vann i kveld prisen for beste norske dokumentar under BIFF.

– Det var heilt utruleg å vinne i kveld. Eg var usikker på om publikum ville gå å sjå denne filmen frivillig, seier prisvinnaren.

Då Linda Steinhoff var 18 år blei ho utsett for ei valdtekt. Etter råd får legevakta melde ho ikkje hendinga til politiet. 16 år seinare ombestemmer ho seg etter årevis med depresjonar, skuldkjensle, mareritt, angst og søvnproblem.

Filmen hennar debut som dokumentarfilmregissør. Vinnaren blir tildelt 30.000 kroner frå NRK.

– Valdtekt framleis tabubelagt

Steinhoff meiner det er for mange stereotypar og klisjear rundt kven som er valdtektsoffer og overgripar. Ho håpar filmen kan vere med på å bryte ned desse barrierane.

– Valdtekt er framleis veldig tabubelagt. Det er så utruleg mange andre som har opplevd det eg har. Både dei som blir valdtekne og dei som utfører ei valdtekt er ofte normale menneske, og ikkje skumle overgriparar. Vi må kvitte oss med klisjeane, seier Steinhoff.

Linda Steinhoff, BIFF

PRISVINNAR: Linda Steinhoff vann prisen for beste dokumentar under BIFF si prisutdeling i kveld.

Foto: Laimonas Puisys / BIFF

– Det er pinleg

Det var ikkje ein lett prosess å skulle fortelje omverda om hennar eiga oppleving.

– Eg blei valdteken då eg blei 18 år. Det synest eg er utruleg pinleg og vanskeleg å snakke om. Det er også vanskeleg å ta omsyn til systemet som skal ta deg i mot, fortel ho.

Steinhoff fortel at ho 15 år etter valdtekta blei kontakta i samband med ei anna valdtektssak for å fortelje om korleis situasjonen hadde blitt takla i hennar tilfelle.

– Eg blei så utruleg provosert over at ein 15 år etterpå ikkje hadde noko betre måte å vareta valdtektsoffer. Det var ein av grunnane til at eg valde å bruke mi eiga historie, seier Steinhoff.

Personleg historie

– Det er berre så absurd å tenke at eg no skal fortelje alle det eg eigentleg ikkje vil at nokon skal vite om meg.

Slik startar filmen som viser korleis valdtektsoffer blir møtt av systemet som er laga for å hjelpe dei.

Steinhoff tar sjåarane med på si reise fram mot å melde saka til politiet. Ein møter ein dømt valdtektsmann, psykiater, rettsstell og kjærasten.

«Asylbarn: Farida» beste kortdokumentar

Ragnhild Sørheim og Christer Fasmer sin film om asylbarnet Farida vann prisen for beste kortdokumentar under prisutdelinga til BIFF i dag.

Filmskaparane har forsøkt å finne ut korleis asylbarnet Farida har hatt det etter ho og familien blei sendt ut av Noreg.

I februar i år reiste niåringen frå Noreg, etter å ha gått på Dokka barneskule i fire år og vore ordenselev i klassa.

Asylbarn: Farida

FARIDA:

Foto: BIFF