Hopp til innhold

«Vi kjem ikkje til å stemme for ei bybane over Bryggen»

Etter mykje att og fram dei siste dagane, gjentek Frp i dag at dei ikkje vil stemme for ei bybane over Bryggen.

Eiler Macody Lund fra Frp

NYE REAKSJONAR: Utspel frå finansbyråd Eiler Macody Lund i Bergen om bybanen skapar igjen reaksjonar, mellom anna frå Ap.

Foto: NRK

Vallogo

– Vi går inn i forhandlingar, men utfallet av forhandlingane vil vere det at vi ikkje vil ha Bybanen over Bryggen.

Det sa finansbyråd og tredjekandidat Eiler Macody Lund (Frp) i Politisk kvarter på P2 denne morgonen.

– Så det kan tenkast at dykk tapar denne saka i forhandlingar, og stemmer for bybane over Bryggen? Har dykk gått tilbake på det?

– Vi går ikkje tilbake på det. Vi kjem ikkje til å stemme for ei bybane over Bryggen, svarar finansbyråden.

Høyr Eiler Macody Lund og Dag Inge Ulstein i Politisk kvarter på P2 6. august.

Fram og tilbake

Dermed vert det for andre dag på rad liv i debatten rundt Frp sitt standpunkt i bybanesaka. I går gjekk partiet først ut med bastante utspel i Bergens Tidende, før dei seinare same dag sende ut pressemelding og dementerte det heile.

Ikkje nok med det. Tilbake i september i fjor sa varaordførar Tor Woldseth til NRK at Frp ville moderere seg i saka om bybane over Bryggen.

– Vi vil vera forsiktige med å vere veldig bastante, og vil ikkje vere garantistar for at banen ikkje skal over Bryggen, sa Woldseth til NRK for snart eitt år sidan.

Nye reaksjonar

Utspelet i dag vekkjer nye reaksjonar, mellom anna hjå Arbeidarpartiets førstekandidat i Bergen, Harald Schjelderup.

Laster Twitter-innhold

I vår inngjekk Venstre, Høgre og Frp ein intensjonsavtale om å søka byrådssamarbeid etter kommunevalet, og eitt av kriteria i avtalen var at traséspørsmålet skal vera gjenstand for ordinær forhandling i ein byrådsforhandling.

Etter eit møte mellom Frp og Venstre i går, kom dementiet frå byrådspartiet.

– Vi stiller ikkje ultimatum. Vi er sterk tilhengar av at bybanen skal gå bak Bryggen, og vil gå i forhandlingar om det, sa Macody Lund til NRK i går.

– Absurd

Så gjekk byråden på lufta på NRK P2 i dag.

– Det er eit nytt bystyre som skal stemme, og vi kan ikkje forskottere om våre medlemmer i bystyret er samde med det vi går inn i byrådsforhandling med. Det er veldig uklart, det forstår eg. Men vi vil anbefale det som Bergen Frp har hevda heile tida, at bybanen kan ikkje gå over Bryggen, seier Macody Lund i dag.

– Men då er det eit ultimatum, elles må de eventuelt gå ut av byråd?

– Nei, det er ikkje nødvendigvis slik. Byrådet kan komme med forskjellige alternativ til trasé og så får bystyret bestemme seg for kva trasé ein endeleg vel, svarar Frp-byråden.

Dag Inge Ulstein

Dag Inge Ulstein, toppkandidat for Bergen KrF kallar utspela frå Frp for «absurde».

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dag Inge Ulstein frå KrF var også på plass i Politisk kvarter for å diskutere rotet. Kristeleg folkeparti gjekk i fjor vår ut av byrådet i Bergen, på grunn av bråket rundt bybanetraseen til Åsane.

– Det er det så er så absurd med desse utsegnene. Frp har signert ein avtale der dei er samde om å ikkje stille ultimatum, så kjem ultimatumet i Bergens Tidende og deretter dementerer dei det med ein pressemelding utpå ettermiddagen.

– Det er krevjande å ta stilling til og mange har nok mista oversikta her. Vi har i alle fall gjort det og det trur eg Frp har gjort sjølv og, seier Ulstein.

Politisk journalist Sølve Rydland forklarer hvorfor Frp måtte trekke uttalelsene sine i bybanesaken.

SE VIDEO: NRKs politiske reporter Sølve Rydland forklarar rotet rundt Frp denne veka.