Hopp til innhold

– Umogleg å vite kor lenge vegen blir stengd

«Stengt på grunn av reinsdyr». Det er den sjeldne bodskapet som møter folk som vil over Hardangervidda på riksveg 7. – Dette har aldri skjedd før, seier Miljødirektoratet.

hardangervidda stengt på grunn av reinsdyr

ALDRI FØR: Det er første gong Jon Flåta i Mesta set opp eit slikt skilt. – Dette har aldri før skjedd, seier viltseksjonen i Miljødirektoratet.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Skilta som no er komne opp på begge sider av Hardangervidda er ikkje av den vanlege sorten, der uvêr blir oppgjeve som årsaka. «Stengd på grunn av villrein» er skilt som aldri før har blitt brukt.

– Nei, det har eg aldri vore med på, seier Jon Flåta i Mesta.

Han seier spøkefullt til NRK at han sjølv ikkje har snakka med reinflokken, og det er såleis vanskeleg å vite kva som vil skje i timane og eventuelt dagane framover.

– Ein ser jo rein frå Halne turisthytte, men vi veit ikkje om dei kjem til å krysse vegen, seier Flåta.

Måtte køyre lang omveg

Asbjørn Roheim

FORSEINKA: Asbjørn Roheim fekk ein lang dag på jobben då han måtte snu ved Haugastøl grunna reinsdyrflokken.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Før skilta var komne opp var det nokre få som køyrde heilt opp til Haugastøl før dei oppdaga at vegen var stengd. Ein av dei var vogntogførar Asbjørn Roheim frå Bø i Telemark. Han kom like etter at vegen vart stengd. Beskjeden han fekk var at stenginga kunne vare i to timar, men at det også kunne ta to veker.

Etter fire timar gav han opp, og starta på den svært lange omkøyringa over Hemsedalsfjellet til Lærdal, vidare til Voss og deretter over Hardangerbrua. Hadde Hardangervidda vore open hadde han brukt kring ein time til endestoppen, Vøringfossen.

– Det blir ein vanvitig omveg. Eg torer ikkje å tenkje på kor mange ekstra timar og kilometer det blir å køyre, seier Roheim.

– Vilt at dei kan stenge

Han synest det er litt rart å stengje ein veg grunna rein.

– Når reinsdyra ligg såpass langt frå vegen er det vilt at dei kan stenge. Eg hadde no heller skjønt det om dei var i sjølve vegen. Dei kunne i verste fall ha køyrt kolonnekøyring og køyrt forsiktig forbi der reinen er.

(Saka held fram under biletet)

Villrein på Hardangervidda

VILLREIN: Ein flokk på 2000 ville reinsdyr ligg i nærleiken av vegen på Hardangervidda og er årsaka til stenginga.

Foto: Håvard Kjøntvedst, Statens Naturoppsyn

Sven Ottar Borgen frå Åmot utanfor Drammen køyrer også tungtransport. Han fortel at han fleire gonger har vore i Finnmark, der han mange gonger har måtte stoppe for rein.

– Eg har til og med måtte gå ut og jage på dei, men der har vegen likevel aldri blitt stengd, fortel Borgen.

Men ifølgje Miljødirektoratet er den enkle forklaringa på dette at det i Finnmark er snakk om tamrein, og at det er stor forskjell på tamme og ville reinsdyr.

– Dei har heilt forskjellig åtferd langs vegen, så det blir to forskjellige situasjonar. Villreinen reagerer annleis i høve til at dei skyr vegen og trafikken. Tamrein er meir vande med menneskeleg åtferd, seier Kari Bjørnerås, rådgjevar i viltseksjonen i Miljødirektoratet.

Følgjer situasjonen tett

Slik situasjonen var klokka 18.00 onsdag kveld held reinflokken på Hardangervidda stand. Kor lenge vegen blir stengd er framleis heilt i det blå.

– Vi veit ikkje kor lenge det blir. Det kjem heilt an på om dei vil flytte seg. Dei har følgt vinden vestover, og vinden har framleis same retning, så dei kan framleis potensielt krysse vegen. Det er ville dyr og det blir no potensielt dårleg vêr i tillegg, så det er vanskeleg å vite. Det er ingen faste kriterium for kva som skal til for at vi skal opne vegen att, seier Bjørnerås.

Hardangervidda stengt på grunn av reinsdyr

SJELDAN BODSKAP: Dette er nytt for dei fleste.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK