Hopp til innhold

– Markering av 22. juli er viktig

Det er tre år sidan 77 menneske mista livet på Utøya og i Regjeringskvartalet. I Bergen har støttegruppa i dag fleire minnemarkeringar. – Det er viktig å minnast dei som gjekk vekk, seier Jonny Bjorheim.

Den blå stein, Bergen

MINNEMARKERING ER VIKTIG: Jonny Bjorheim i støttegruppa til råka etter 22. juli i Hordaland seier det er viktig å minnast dei som gjekk vekk.

Foto: Hanne Marie Molde/NRK Hordaland

Jonny Bjorheim

VIKTIG STØTTEGRUPPE: Jonny Bjorheim seier støttegruppa gir ei likemannsstøtte frå andre som har opplevd det same.

Foto: NRK

– Støttegruppa vil vere ved dei forskjellige minnesmerka, i Sund kommune, i Kleppestø på Askøy, og på Osterøy, seier Jonny Bjorheim som er styreleiar i støttegruppa til råka etter 22. juli.

I Sund er markeringa klokka 9.30 ved Stranda skule, klokka 11.00 på ved Vatnavatnet på Kleppestø på Askøy, og klokka 14.00 ved rådhuset på Osterøy.

I tillegg kjem AUF-medlemmar i Hordaland til å legge ned roser og tenne lys ved Den blå steinen klokka 12. Det blir òg ei minnemarkering i regi av Askøy AUF og Ap ved Vatnavatnet klokka 17.

Bjorheim seier minnemarkeringane betyr mykje for dei etterlatne.

– Korleis det blir markert er opp til den enkelte, nokon vil vere på samlingane her i Hordaland, og nokon reiser til Utøya og er der, seier Bjorheim.

Viktig støtte

Bjorheim si dotter er ein av dei som overlevde Utøya, og Bjorheim seier det er viktig at støttegruppa finst.

– Det er mange som er med aktivt. Støttegruppa har ein del arrangement i løpet av året kvar me samlast, og det er det som kanskje er det viktigaste, at du har den likemannsstøtta frå andre som har vore i same situasjon, som skjønar kva ein har vore gjennom, seier Bjorheim.

– Det er viktig å minnast dei som gjekk vekk for tre år sidan, seier han.

Trond Blattmann som er leiar i den nasjonale støttegruppa for 22. juli, seier denne dagen kjem til å vere ein merkedag i mange år framover.

– Det er viktig å markere denne hendinga og viktig å vere saman den dagen for å minnast dei me mista både i regjeringskvartalet og på Utøya, seier Blattmann.