Hopp til innhold

– Ver open med barna om terror

Psykolog Atle Dyregrov seier barn får med seg mykje meir enn ein trur. Han oppfordrar foreldre til å vere opne med barna sine om terrortrusselen mot Noreg.

væpna politi

VÆPNA POLITI: Etter meldinga om terrorplanar mot Noreg har politiet heva beredskapen i heile landet. I dag har det vore væpna politi til stades på Jernbanestasjonen i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Atle Dyregrov

– IKKJE SKJUL NOKO FOR BARNET: Det seier psykolog ved Senter for krisepsykologi, Atle Dyregrov.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

På ein pressekonferanse torsdag formiddag varsla Politiet si tryggingsteneste (PST) om at dei er blitt kjent med at nokon skal ha konkrete terrorplanar mot Noreg.

Politiet har heva beredskapen i heile landet, og folk vil kunne sjå fleire og væpna politi på flyplassar, togstasjonar, busstasjonar og i gatene.


– Eg trur ein skal vere veldig opne med barna og fortelje dei at dette er noko som me har fått vite om, seier Atle Dyregrov som er psykolog ved senter for krisepsykologi.

– Ikkje skjul noko for barnet

Kven som står bak terrorplanane, kva målet eventuelt er og korleis eit eventuelt angrep skal bli gjennomført, er ikkje kjent. Dyregrov legg vekt på at det er viktig å ikkje skremme barna, sjølv om det er alvorlege trugslar det er snakk om.

– Fortel barna at ein ikkje trur at noko alvorleg kjem til å skje. Forklar til dømes at årsaka til at ein ser mykje politi er for å vere på den sikre sida, men at det ikkje er grunn til å uroe seg for mykje, seier han.

– Kor mykje skjønar eigentleg barna av det som skjer?

– Dei får med seg mykje meir enn det ein trur. Dei held seg informert både gjennom Internett og aviser. Sånn sett er barn blitt meir nyheitsorienterte enn tidlegare. Dette må dei vaksne ta alvorleg, meiner psykologen.

Han legg til at det er viktig å svare dei unge på det dei måtte lure på.

– No når denne trugselen er kome må ein ta det alvorleg. Men sjå det an i forhold til kor interessert barnet ditt er i dette.

– Det er viktig å ikkje prøve å skjule noko for barnet: Dei får med seg kva som skjer uansett, seier Dyregrov.

væpna politi Flesland

BERGEN LUFTHAVN FLESLAND: Væpna politi har i dag vore ute på flyplassar i heile landet. Her frå Bergen lufthavn Flesland.

Foto: Christine Kongsvik / NRK