Hopp til innhold

– Ventar farleg lenge på operasjon

Pasientar med prostatakreft må venta i månader og år på operasjon. – Dette er trist og forferdeleg for pasientane, seier leiaren i legane si kreftforeining.

Veit for lite om konsekvensane av at menn med prostatakreft må venta lenge

VEIT FOR LITE: Kreftlege Andreas Stensvold meiner er uroa over at mange menn med prostatakreft må venta lenge på operasjon. Han meiner ein veit for lite om konsekvensane.

Foto: Montasje / NRK

Bård Melin-Olsen

MÅTTE VENTA: Bård Mellin-Olsen venta i 13 månader på operasjon.

Foto: Privat
Andreas Stensvold

UROA: Kreftlege Andreas Stensvold er uroa over at mange med prostatakreft må venta lenge på operasjon.

Foto: Maria Nakken / NRK
– Me veit altfor lite om risikoen ved å la menn med prostatakreft gå i månadsvis før dei får operasjon, seier kreftlege Andreas Stensvold, som leiar Norsk Onkologisk foreining.

I går fortalde NRK.no om Bård Mellin-Olsen som vil gå til kamp mot tabua rundt prostatakreft. Han måtte sjølv venta 13 månader før han fekk operasjon.

Ventetida var vanskeleg. Særleg fordi han mista faren grunna den same sjukdommen.

– Det er ikkje berre deg, det er familien òg. Det er kone, barn og i mitt tilfelle mor mi som mista mannen sin grunna den same sjukdommen, seier Mellin-Olsen.

Ventar ofte i eit til to år

Ventetida Bård Mellin-Olsen opplevde er ikkje uvanleg.

– Dette er trist og forferdeleg for pasientane, særleg i lys av politikarane sine løfter om behandling innan 20 dagar. Eg opplever at pasientar ventar i både eit og to år før dei får behandling, seier kreftlege Andreas Stensvold.

– Veit for lite om konsekvensane

Kreftlegen seier ein veit lite om både dei medisinske og psykiske konsekvensane av at menn med prostatakreft må venta så lenge på behandling.

Kvart år får 4000 norske menn prostatakreft, ein av fire overlever ikkje.

– Det kan vera at dette ikkje har stor medisinsk verknad. Men den psykiske byrda av å gå med ein kreftdiagnose er forferdeleg for pasienten og pårørande, seier leiaren i legane si kreftforeining.

Pasient- og brukarombodet i Hordaland at dei opplever ei generell auke i talet på pasientklagar på grunn av lang ventetid for behandling.