Sjølv om salet av bilar som har elektrisitet og straum som drivstoff har auka kraftig i Noreg dei siste åra, har brannvesenet framleis lite erfaring med å sløkke brann i slike køyretøy. Dette er også årsaka til at brannvesenet set inn ekstra bilar når dei rykker ut til ulukker der ein elbil er involvert.
– Som oftast kan me hente informasjon frå utlandet, for der er det tettare trafikk og fleire hendingar enn i vesle Noreg. Men no er det plutseleg me som har flest elbilar per innbyggjar. Me kan ikkje gå ut i Europa og spørje kva skjer med elbilar i ulukker, det er her erfaringane må komme frå, seier brigadeleiar i Bergen brannvesen Kjell Ove Christophersen.
LES OGSÅ:
|– Krev andre sløkkemetodar
Den nye teknologien krev anna utstyr, andre rutinar og sløkkemetodar ved brann. Men sidan teknologien er forholdsvis ny, veit ein enno lite om brann i slike bilar, fortel Christophersen.
– Det me gjorde i går med dei tradisjonelle køyretøya er kanskje ikkje tilstrekkeleg for dei nye energikjeldene. For eksempel vil det i tradisjonelle bilar vere mogleg å sløkke med normale mengder vatn, medan ein brann i ein elbil vil ha så høg temperatur at me trenger enorme mengder vatn for å sløkke ein fullt utvikla brann.
– Ikkje meir brannfarlege
Brannvesenet har til no opplevd få brannar i dei nye typane bilar og bussar som går på elektrisitet og gass.
– Men det vert jo fleire og fleire, og då vil me nok få fleire ulukker også. Folka våre skal øvast og trenast til å handtere dei nye bilane, og dei må kanskje ha anna utstyr. Det er ein anna type drivstoff som har andre problemstillingar, seier Christophersen.
– Det er viktig å seie at me ikkje opplever dette som ein stor risiko for publikum, eller ein stor belastning for oss, men det er ei utfordring å henge med på det som skjer, slik at me kan handtere det på ein skikkeleg måte.
LES OGSÅ:
|Nye krav frå 1. april
I Noreg er det Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som har ansvar for brann- og eltryggleik i Noreg. Sjefingeniør for eltryggleik i DSB Jostein Ween Grav, stadfestar at brannar i el- og hybridbilar skil seg frå brannar i vanlege bilar.
– Ein vanleg brann kan ein sløkke med vatn og skum, men her må batteriet kjølast ned langsamt og lenge. Men me har ingen grunn til å seie at det brenn oftare i elbilar, eller at det er farlegare enn ein brann i bensin- og dieselbilar.
Frå 1. april trådde nye reglar i kraft som skal førebyggje brann i el- og hybridbilar, fortel Grav.
– Det vert innført fem nye punkt i EU-kontrollen. Mellom anna blir det no eit krav at bilførarar må ha med ladekabelen i bilen til kontrollen, slik at desse kan sjekkast.
LES OGSÅ: