Hopp til innhold

– Truleg flaum i fleire vassdrag i 2114

Hadde nedbøren som skapte flaumen i førre veke komme om 100 år, så hadde det vore endå meir vatn i elvane.

Asgeir Sorteberg

STØRRE FLAUM: Klimaforskar og meteorolog, Asgeir Sorteberg, meiner ein kan vente seg høgare temperaturar, meir nedbør, og større flaumar om hundre år.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– I verste fall er det fire grader varmare om 100 år, og då vil du ha så mykje meir vassdamp i atmosfæren at denne situasjonen hadde vore 20 til 25 prosent våtare enn det me såg no, seier klimaforskar og meteorolog, Asgeir Sorteberg.

– Då hadde flaumen blitt mykje større, og truleg hadde me sett flaum i mange fleire vassdrag enn det me gjorde no, seier han.

Førre veke var det 200-årsflaum på Voss, og i Odda vart fem hus med meir tatt av elva Opa. Både Voss, Evanger, og Odda har store skadar etter flaumen.

Høgare temperaturar, meir regn

Klimaforskarar fryktar temperaturane vil stige som følge av forureining, og det er temperaturstigninga som er kjernen til all nedbøren.

– Det har med at mengda vassdamp atmosfæren kan halde på er avhengig av temperaturen i atmosfæren. Ein varm atmosfære kan halde på mykje meir vassdamp enn ein kald atmosfære, seier klimaforskar Sorteberg.

– For kvar grad temperaturen aukar, så aukar storleikssordenen med seks til sju prosent meir vassdamp. Du kan tenke deg at du har ei fille full av vatn, og filla blir vridd opp i det den skal over dei norske fjella. Då vrir den ut alt den har, og i eit varmare klima er det rett og slett meir vatn å ta av, seier han.

Varmare i fylket

Flaum på Voss

HØG VASSTAND: På Voss var det 200-årsflaum førre veke, og elva stod heilt opp under Langebrua. Det var frykta at brua skulle bli teken av dei store vassmassane.

I Hordaland fylke vil gjennomsnittstemperaturen auke mellom 2 til 4 grader fram til 2114, og då kunne ein liknande situasjon med flaum på Voss og i Odda gitt større konsekvensar enn i dag.

– Det er vanskeleg å seie korleis elvene hadde respondert på den auka mengda med nedbør, men det er klart vasstanden hadde vore betydeleg høgare enn det den var i førre veke, seier klimaforskar Asgeir Sorteberg.

Er du overraska over det som skjedde på Voss og i Odda?

Eg vil ikkje seier eg er overraska, for me har stadig sett ein tendens at det blir stadig meir av den typen hendingar, seier Sorteberg.

– Historisk sett har det skjedd før. På Voss har me eit flaummerke frå 1743 som står to og ein halv meter opp på kyrkja, så det har vore stor flaum på Voss før, men folk veit ikkje om det fordi det er langt tilbake i tid, seier han.

– Våtare enn no

Opoelva

OPO: Elva Opo tok fem hus, eit uthus, ein garasje, og ein buss under flaumen førre veke.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Asgeir Sorteberg seier det er vanskeleg å seie noko om korleis været kjem til å bli i 2114, men han seier at alt står på korleis temperaturane vil påverke lågtrykksdanninga.

– Det kan hende heile verda endrar seg litt, men viss verda blir på same måte som i dag, og me berre får meir vatn inn så vil me sjå for oss ei framtid som er ganske mykje våtare enn det me har no, seier Sorteberg.

– Me har alt sett at dei siste hundre åra har nedbøren på Vestlandet auka i storleiksorden 20 prosent, og dei største problema er knytt opp mot flaum, ras, og gamal infrastruktur som står der ein ikkje hadde fått lov å bygge i dag, seier han.

Kva kan gjerast for å hindre dette, at det eskalerer?

På kort sikt bør me betre varsling og beredskap, men så må me ha eit langsiktig mål om at me ikkje får temperaturar som er fire grader varmare. Då må me ha ein langsiktig reduksjon av fossilt brensel, seier Sorteberg.