Hopp til innhold

– Me er jaga frå staden der me gøymde oss

Birgitte vil gjerne setje sprøytene sine under trygge forhold på eit brukarrom. Ho får støtte av direktør for Bergensklinikkene og Arbeiderpartiet, men byrådet vil framleis ikkje ha brukarrom i Bergen.

Birgitte

– ME TRENG EIT SPRØYTEROM: No når Nygårdsparken er stengt, må Birgitte setje sprøytene sine på gata. Ho vil gjerne gjere det på eit brukarrom under trygge forhold, men byrådet seier nei.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eit sprøyteromt må komme på bordet med ein gong. Det er mange som har døydd innan tre år har gått.

Birgitte

– Me er jaga frå staden der me gøymde oss for å unngå at alle skulle sjå oss. Ikkje minst for at barn skulle sleppe å sjå oss, seier Birgitte.

I går stengde Nygårdsparken i Bergen etter å ha vore eit samlingspunkt for rusmisbrukarar i kring 50 år. Det fører med seg ein anna kvardag for rusavhengige som Birgitte.

– Me går rundt og leitar etter ein stad å setje eit skot. Me er skamdårlege, så me set oss berre på ein benk her ved Gulating, fortel ho då NRK møter ho ute i Bergen sentrum.

Direktør i stiftelsen Bergensklinikkene, Erling Pedersen, meiner tida er overmoden for å tilby Birgitte og dei andre rusavhengige i Bergen eit sprøyterom.

– Brukarrom er den beste måten å nå dei tyngste rusmisbrukarane på.

– Når me ser kva for ei gruppe som har opphalde seg i Nygårdsparken, kor langt dei er komme i rusbruken sin, kor helselause dei er, og kor mange som døyr av overdose i Bergen, så er det ein stor mangel at me ikkje kan tilby dei eit brukarrom, seier Pedersen.

LES OGSÅ: – Dette kan bli et nytt «narkokjøpesenter»

– Sprøyterom burde alt ha vore på plass

Rune Bakervik

VIL HA SPRØYTEROM: – Eit brukarrom ville sikra eit verdig og trygt alternativ til parken. Me meiner det burde vore på plass allereie når parken stengde, seier leiar for helsekomiteen i bystyret, Rune Bakervik.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det er tverrpolitisk semje om handlingsplanen mot opne russcener. Men Bergen Ap meiner eit sprøyterom burde vore på plass før ein stengde parken.

– Eg hadde sove betre om natta dersom det var eit brukarrom eller mottakssenter på plass i sentrum, seier leiar for helsekomiteen i bystyret, Rune Bakervik.

I dag er det etablert tre mottaks- og oppfølgingssenter for rusavhengige i Bergen. Ap vil ha MO-sentre med brukarrom i alle bydelar – også i Bergen sentrum, men har ikkje fått gjennomslag for dette.

– Me må unngå at me tvingar rusmiljøet til å flytte innandørs, slik at eventuelle overdosar skjer utan at nokon oppdagar det, seier Bakervik.

Han fryktar at rusmiljøet i Nygårdsparken flyttar seg til andre deler av sentrum, dersom dei rusavhengige ikkje har noko alternativ i sentrum.

– Eit brukarrom ville sikra eit verdig og trygt alternativ til parken. Me meiner det burde vore på plass allereie når parken stengde. Me har tenkt å følgje det opp, og håpar å få det på plass allereie i denne perioden.

Vil framleis ikkje innføre brukarrom

Eiler Macody Lund

UTELUKKAR IKKJE BRUKARROM: – Brukarrom er ikkje ein del av det sitjande byrådets politikk no, seier sosialbyråd Eilert Macody Lund (Frp). Han ser likevel ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å innføre dette

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Men sosialbyråd Eilert Macody Lund seier dei ikkje vil innføre sprøyterom i Bergen i den kommande perioden.

– Brukarrom er ikkje ein del av det sitjande byrådets politikk. Det er ei mogleg løysing, saman med andre løysingar. Det har vore nytta i byar som Lisboa og Zürich med gode resultat, men det er ikkje ein praktisk politikk me vil innføre i denne perioden.

Han ser likevel ikkje bort frå at dette kan bli aktuelt i framtida.

– Nei, det ser eg ikkje bort frå. Men då må det bli ein ny politisk kvardag. Me står framleis ved avtalen me gjekk inn i med Frp og KrF for tre år sidan.

– Kan oppstå situasjonar der ein må vere audmjuk

Dag Skansen

STÅR FRAMLEIS VED AVTALEN: Høgre står framleis ved avtalen med KrF og Frp, der dei tre partia blei samde om å ikkje innføre sprøyterom i Bergen. – Men det kan raskt oppstå andre situasjonar der ein må vere litt audmjuk til denne problemstillinga, seier gruppeleiar Dag Skansen (H).

Foto: Høyre.no

Høgre står også ved avtalen dei gjekk inn i med KrF og Frp. Men gruppeleiar Dag Skansen (H) er likevel open for å diskutere brukarrom i bystyret.

– Det kan raskt oppstå andre situasjonar der ein må vere litt audmjuk til denne problemstillinga og ta stilling til det, seier han.

LES OGSÅ: – Å stenge parken gjer det verre for oss

Hadde det vore opp til Birgitte, ville ho helst ha hatt eit brukarrom å gå til, framfor å setje sprøytene på gata.

– Eg vil gjere det under sterile forhold på ein trygg stad. Men det må komme på bordet med ein gong, Om tre år er det for seint. Det er mange som har døydd innan tre år.