Video Vil stenge kebabhus tidlegare - Foto: Nyhetsspiller /

Vil stenge kebabhus tidlegare

– Suppekjøkken på dansegolvet?

Politiet i Bergen vil stenge for både vått og tørt når klokka slår to.

Politiet i Bergen vil ha slutt på krangel og vald, og vil stenge heile byen klokka to. Både skjenkjestader og serveringsstader.

– Skal me ha suppekjøkken på dansegolvet, då eller, spør Tom Greni, han er dagleg leiar på utestaden Ricks i Bergen sentrum.

Utestadane kan mette gjestene

Olav Valland - VIL KEBABKØANE TIL LIVS: Stasjonssjef Olav Valland.NRK

VIL KEBABKØANE TIL LIVS: Stasjonssjef Olav Valland.

Foto: NRK

For politiet vil gje utestadane ansvar for å fylle magen til gjestene. Og gjere folk litt meir edru på vegen heim.

–Eg ynskjer at folk kan gå heim frå byen i fred og fordragelegheit, seier stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland.

Han vil stenge både kioskar og kebabhus samstundes med utestadane.

– Det er mange situasjonar med vald og bråk rundt serveringsstadane som har ope etter at utestadane stenger, seier Valland.

– Flyttar ansvaret

Greni syns ikkje noko om forslaget.

– Dei flyttar jo berre ansvaret og kostnadene over på oss, seier han.

Han meiner dei tek sin del av ansvaret med mykje folk på jobb, og at det er politiet sin jobb å unngå bråk i gatene.

– Me har sikkert fleire folk på jobb her enn det er politifolk i gatene på ein travel dag, seier han.

– Meir bråk

I på pølsebua Trekroneren trur dei tilsette det vil verte meir bråk om politiet får viljen sin.

– Med kortare tid på seg vil folk drikke fortare og lage meir bråk, seier Elisabet Sunde.

– Bidrag i rett retning

Politistasjonssjefen er ikkje einig, og håpar å få gjennomslag for forslaget sitt.

– Me trur det vil vere eit bidrag i rett retning, og at det kan påvike både utelivet og politikarane på sikt, seier Valland.

Siste video:

Byutviklingsbyråden meiner kollektivtrafikken må tredoblast om nullvekstmålet i biltrafikken skal vera mogleg å nå.
Ansatte ble sjokkert da de kom på jobb på skolen torsdag morgen. Samtlige klasserom er rasert og lærernes PC-er stjålet. – Det ser ut som en krigssone, sier rektor.
Dansk-kanadisk byplanleggar er ikkje nådig i sin kritikk etter å ha sykla gjennom Bergen sentrum. – Deprimerande. Som å vera tilbake på 1950-talet.