Hopp til innhold

– Storfestarane bør ta vaksine

Om lag halvparten av russekullet i Bergen har i år tatt vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Smittevernoverlegen meiner den er spesielt viktig for dei som festar mykje og er slitne.

Rødruss

– BØR TA VAKSINE: – Dei som festar mykje og er slitne får dårlegare motstandskraft enn andre, og er difor meir utsette for hjernehinnebetennelse, seier smittevernoverlege Øystein Søbstad.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Dei siste åra har det vore fleire tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse blant russ og elevar på vidaregåande skule i Bergen. Når russetida no nærmar seg er vaksine spesielt viktig for dei som er russ eller i kontakt med russ, seier smittevernoverlege Øystein Søbstad.

Øystein Søbstad om ebola-mistanke på Haukeland

– GODE TAL: Om lag halvparten av russen har tatt vaksine i år, seier smittevernoverlege Øystein Søbstad.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Russefeiringa kan ofte vere ei stor påkjenning. Dei festar hardt og er slitne og då er ofte motstandskrafta dårlegare enn elles. Spesielt storfestarane bør ta. Erfaringsmessig ser me at dei er meir utsette sidan motstandskrafta er mindre, seier Søbstad.

LES OGSÅ: Jente (17) på sykehus med hjernehinnebetennelse | Bergenselev innlagt med smittsam hjernehinnebetennelse

– Ingen uheldige biverknader

Hjernehinnebetennelse-vaksine

– TRYGT: Vaksinen mot hjernehinnebetennelse er både trygg og har god effekt, seier smittevernoverlege Øystein Søbstad.

Foto: Bjørn Ruud/NRK

Smittevernoverlegen meiner alle burde vaksinere seg for å unngå at ein får tilfelle av hjernehinnebetennelse blant russ og elevar i vidaregåande skule.

– Me ønsker jo det. Det er ingen ulemper med det. Dette er fjerde året me gjev tilbod til vaksinasjon for russ, og me har ikkje sett nokre uheldige biverknader så langt.

– Her er me trygge på at vaksinen er sikker og har god effekt, seier han.

Over halvparten av russen har tatt vaksine

Tidlegare er det berre russen som har fått tilbod om vaksine mot hjernehinnebetennelse. I år har Bergen kommune tilbydd alle elevar i vidaregåande skule vaksine, og så langt syner tala at over halvparten av russen har valt å nytte seg av tilbodet.

LES OGSÅ: Mener flere enn russen må få vaksine

Russ

FEKK VAKSINETILBOD: Alle elevar på vidaregåande skule i Bergen fekk i år tilbod om vaksine mot hjernehinnebetennelse (illustrasjonsbilete).

Foto: Anne Lognvik

– Samanlikna med tidlegare år, oppfattar me det som noko betre enn tidlegare. Me har ikkje heilt nøyaktige tal, men me ser at om lag halvparten av russekullet i år har vaksinert seg, og det er me veldig fornøgde med.

Dei som ikkje nytta seg av vaksinasjonstilbodet til kommunen, kan framleis ta hos fastlegen sin.

– Den må dei bestille på førehand. Dette er litt dyrare enn tilbodet til kommunen, men det er eit godt alternativ, seier Søbstad.

LES OGSÅ: Fleire russ vaksinerer seg mot hjernehinnebetennelse