Hopp til innhold

– Smell og røyk frå gassbuss

Brannvesen og politi rykte ut etter melding om brann i gassbuss i Bergen.

Brann i gassbuss i Bergen

ALLE EVAKUERT: Alle som var i bussen kom seg trygt ut, etter kraftig røykutvikling frå gassbussen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

110-sentralen i Hordaland melde klokka 14.13 om brannen i Nye Sandviksvei i Bergen.

– Alle skal ha kome seg ut av bussen, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Klokka 14.21 opplyser politiet på Twitter at det ikkje har vore opne flammar.

– Det har ikkje vore eld laus. Det har vore eit smell som har ført til ein del røyk, skriv politiet på Twitter.