Hopp til innhold

– Sjukehusa er godt førebudde

Helse Vest er klar for å auke beredskapen. – Me har gått gjennom sikkerheitsrutinene og sjekka at nok personell er tilgjengelege, seier administrerande direktør i Helse Vest, Per Karlsem.

Haukeland universitetssykehus

FØREBELS INGEN EKSTRA TRYGGINGSTILTAK: Alle helseføretaka i Helse Vest har meldt tilbake om at dei er klare til å auke beredskapen dersom det skulle bli nødvendig. På biletet ser ein eit av helseføretaka i Helse Vest, Haukeland sjukehus.

Foto: Helse Bergen

Etter terrorvarselet torsdag har Helsedirektoratet bedd sjukehusa og kommunehelsetenesta i landet om å gå gjennom beredskapsplanane.

– Me følgjer nøye med og vurderer situasjonen fortløpande. Dersom det skulle bli behov for det, vil me mobilisere og kalle inn ekstra personell.

Per Karlsem, administrerande direktør i Helse Vest

– I samarbeid med helse og omsorgsdepartementet har me gått gjennom planane. Me har òg sjekka at me har nok personell i nærleiken dersom det skulle bli behov for å kalle ut fleire, seier fungerande administrerande direktør i Helse Vest, Per Karlsem.

Alle helseføretaka i Helse Vest har meldt tilbake om at dei er klare til å auke beredskapen dersom det skulle bli nødvendig.

LES OGSÅ: Konkret trugsmål mot Noreg - Nyheter, tv og radio fra hele verden - NRK.no

– Me er førebudde på at det kan skje ting

Per Karlsem

GODT FØREBUDDE: – Me har sjekka at me har nok personell i nærleiken dersom det skulle bli behov for å kalle ut fleire, seier fungerande administrerande direktør i Helse Vest, Per Karlsem.

Foto: Helse Vest

Helseføretaka i Helse Vest har kontrollert at bygningane er sikre, at dei har nok folk å kalle inn.

– Det er jo ferietid, og sjukehusa måtte sjekke at dei hadde nok folk tilgjengelege. Det har dei meld tilbake om at dei har, seier Karlsem.

Helse Vest har førebels ikkje innført ekstra tryggingstiltak.

– Førebels har me ikkje det, men me følgjer nøye med og vurderer situasjonen fortløpande. Dersom det skulle bli behov for det, vil me mobilisere og kalle inn ekstra personell.

– I tilfelle noko vil skje vil me be om bistand frå politiet. Me har ein del tryggingspersonell på sjukehusa allereie, men så langt har me normal beredskap.

– Kjem de til å auke beredskapen og sikkerheita på sjukehusa?

– Viss me skulle få melding om at det er nødvendig, så gjer me det. Me gjer de me får beskjed av om politiet og helse- direktoratet.

Folk bør gjere som vanleg

Helsedirektoratet har lagt ut råd til dei som kjenner at dei trenger å snakke med nokon om den varsla terrortrusselen mot Noreg.

Administrerande direktør i Helse Vest, Per Karlsem, seier folk kan ta kontakt med Helsevesenet som normalt, dersom dei skulle trenge det.

– Dei skal bli godt tatt i mot. Våre tilsette er bedd om å vere spesielt merksame på dette.

– Det er dei vanlege måtane å kontakte helsevesenet på som gjelder. Ta kontakt med legen din eller det lokale helseføretaket ditt dersom du trenger det, seier Karlsem.

LES OGSÅ: Politiet får hjelp av Forsvaret - NRK – Norge

Politi

AUKAR BEREDSKAPEN DERSOM DET ER NØDVENDIG: – I tilfelle noko skjer vil me be om bistand frå politiet, seier administrerande direktør i Helse Vest, Per Karlsem.

Foto: Adalaheidur Oldeide / NRK