Hopp til innhold

Sjukeheimane manglar kontroll på medisin

– Pasientane sin tryggleik er ikkje god nok, seier ein forskar som har undersøkt medisinbruken ved sjukeheimar i Bergen. Styremaktene har ikkje oversikt over medisinering av eldre.

Eldre kvinne på sjukeheim
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Tysdag slo overlege Stein Husebø ved Røde Kors Sykehjem i Bergen alarm om feilmedisinering av eldre.

Han fortalde om gamle som går på opp mot 20 ulike medikament samstundes.

Stein Husebø, overlege Røde Kors Sykehjem

Stein Husebø slo denne veka alarm over det han meiner er alvorleg og utbreidd feilmedisinering av eldre.

Foto: Marion Solheim / NRK

Heller ikkje styremaktene har kontroll over medisineringa på sjukeheimane. Husebø mislikar at det ofte vert opp til pleiepersonell å dosera medisinen:

Alle andre stader innanfor helsevesenet er det sjølvsagt at det er legar som vurderer, deler ut og kontrollerer medikament. I eldreomsorga er det pleiepersonalet som gjer dette, og dei har ikkje kompetanse til det.

Overlege Stein Husebø

Vil ha fleire legar til sjukeheimane

Jan Schjøtt, RELIS

Jan Schjøtt fryktar at demente eldre får biverknader av å blanda medikament, men at dette ikkje vert oppdaga, og dermed fører til endå meir medisinbruk.

Foto: Marion Solheim / NRK

Røde Kors Sykehjem, der Husebø jobbar, er eit unntak frå trenden elles. Dei har nemleg lege på vakt heile døgnet, kvar dag. Dei fleste andre må derimot klara seg med lege maks eit par gonger i veka, noko som gjer at det ofte vert opp til sjukepleiarar å avgjera om dei eldre treng meir medisin.

LES OGSÅ: Eldre får farleg mykje medisin

No vil Husebø ha fleire legar på plass på sjukeheimane, for å unngå overmedisineringa – som han altså meiner er svært utbreidd.

Han får støtte av Jan Schjøtt, leiar i Legemiddelinformasjonstenesta RELIS:

Det kan vera farleg å blanda ulike medikament. Det er jo mange demente på sjukeheim, og då kan åtferdsforstyrringar og uro lett forvekslast med biverknader frå desse legemidla.

Jan Schjøtt

Dermed kan det enda med at ein pasient får endå eit slikt legemiddel mot psykiske lidingar på toppen av dei andre, og der har vi problemet gåande, seier Schjøtt.

Får bestemor for mykje sovemedisin?

I Bergen er det 35 sjukeheimar. Ingenting tilseier at dei eldre som bur der, skal ha ekstremt ulike behov når det kjem til medisinering. Likevel er det svært stor skilnad på kor mykje medisin dei får:

– Uifrå det eg har funne ut, tenker eg at pasienttryggleiken ikkje er god nok.

Lillan Mo Andreassen, stipendiat

Stipendiat Lillan Mo Andreassen har forska på medisinering av eldre. Ho meiner pasienttryggleiken er for dårleg.

Foto: Marion Solheim / NRK

Det seier stipendiat ved Universitetet i Bergen, Lillian Mo Andreassen. Ho har forska på nettoppp medisinering av eldre på Bergens sjukeheimar, og seier at doseringa er svært uklar mange stader.

– Ikkje minst gjeld dette sovemedisinar, der det er svært ulik praksis mellom dei ulike stadene.

Overlege Kjell Krüger ved Løvåsen Sykehjem

Overlege Kruger er opprørt over at visse sjukeheimar brukar 20 gongar meir av visse typar medisinar enn andre.

Foto: Marion Solheim / NRK

Overlege Kjell Krüger, som jobbar på Løvåsen Sykehjem i Fyllingsdalen, er opprørt:

Det som er mest forurolegande, er nettopp den enorme skilnaden. For dette kan slett ikkje forklarast med at pasientane sitt sjukdomsbilete er så ulikt.

Kjell Krüger

Undersøkjingar viser nemleg at somme sjukeheimar i byen brukar opp mot 20 gongar meir av visse typar medisin enn andre.

Vil rydda opp

Helsebyråd i Bergen, Hilde Onarheim, lovar at kommunen no skal sjå på saka.

– Når vi får slike rapportar, vil vi sjølvsagt gjera noko. Vårt ønske er at alle, til ei kvar tid, skal vera trygge på at vi gir riktig pleie, avsluttar ho.