Hopp til innhold

– Sjokkerte over det me fann

Statens vegvesen intensiverte kontrollen av vogntog på Vestlandet etter stenginga av Gudvangatunnelen i august. 13 prosent av dei kontrollerte vogntoga hadde overoppheta bremsar.

Lastebil

FANT FEIL: På dette vogntoget falt det eine dekket av rett før det skulle inn til kontroll.

Foto: Statens vegvesen

– Ser du det brenn i foraksla? Eg tar temperaturen, seier kontrolløren.

Statens vegvesen viser fram ein video til NRK av eit vogntog dei stoppa ved Leiro på riksveg 7 over Hardangervidda nyleg. Det er flammar i bremsane, og dette er før vogntoget har byrja den bratte turen ned mot Måbødalen i Eidfjord.

At det var så mange vogntog som var direkte trafikkfarlege, det ante me ikkje.

Jan Tore Odd, Statens vegvesen

Stengte vegar

Tunnelbrannen i Gudvangatunnelen på E16 i august gjorde at europavegen vart stengt i fleire veker. Dette førte med seg ekstra trykk på omkøyringsvegane, og spesielt på riksveg 7 over Hardangervidda.

Her sat Statens vegvesen inn ekstra kontrollar.

Totalt har det på rv7 blitt stoppa 953 vogntog i sommar og 13 prosent av desse hadde bremsar som var overoppheta.

Eit dekk på eit vogntog stod i full fyr under ein kontroll på Rv7 ved Leiro.

VIDEO: Her kan du sjå kor varmt det faktisk var i eit av dekka på det eine vogntoget som vart stogga i ein kontroll på rv7 ved Leiro i sommar.

– Når over 10 prosent av køyretøya har problem med varmgang i bremsene, vil eg karakterisera dette som eit alvorleg problem, seier Jan Tore Odd, avdelingsdirektør for trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen

– Det er faktisk så varmt at det tar fyr, og då er jo køyretøyet i seg sjølv heilt uskikka til å køyra ned Måbødalen.

15. juli i år losna ein tilhengar med 16.000 liter bensin og tok fyr i Skatestraumtunnelen i Sogn og Fjordane. Fire veker seinare to det fyr i ein turistbuss i Gudvangatunnelen.

– Til alt hell gjekk det bra i begge ulukkene. Men det er rein flaks, seier Odd.

Jan Tore Odd

OVERRASKA: Jan Tore Odd i Statens vegvesen hadde ikkje trudd dei skulle finna så mange manglar ved køyretøya dei kontrollerte i august.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Ei dødsfelle

For vogntoga som rullar rundt på Vestlandet er i mange tilfelle reine dødsfellene.

– Når eit vogntog spring løpsk ned ein bakke og treff på ein buss kor det er smalt og han ikkje klarar å bremsa. Då kan han høvla ned heile bussane som kjem i mot. Det er det verste scenarioet.

På kontrollstasjonen på Seljestad ved E134 hadde dei også fleire kontrollar – men her auka ikkje trafikken like mykje – og av om lag 400 vogntog hadde 5 prosent defekte eller overoppheta bremsar.

– Har ikkje nok kunnskap

– Me hadde ein mistanke om at slike ting kunne skje, men at det var så mange som over 10 prosent av vogntoga som var direkte trafikkfarlege, det ante me ikkje.

Like ille som dårleg teknisk stand er mangelen på kunnskap hjå sjåførane.

– Me må ta dette med opplæring av utanlandske sjåførar veldig alvorleg. Det er ikkje alle som er like skikka til å køyra på dei bratte vestlandsvegane. Men dette gjeld også norske sjåførar.

– Bør folk vera redde?

– I utgangspunktet treng ein ikkje vera redd, men ein bør ha i bakhovudet at ein ikkje veit kva for kvalitetar det køyretøyet framfor ein har. Gje plass til vogntoga slik at ein ikkje skadar seg sjølv, seier Odd.