Hopp til innhold

Har kontroll på alle bebuarane etter storbrannen

Brannen i Finnegårdsgaten i Bergen er no sløkt. 16 bebuarar er evakuerte.

Brann Finnegårdsgaten

STORBRANN: Brannen skal no vere under kontroll, melder vaktkommandør Jan Henning Fossedal.

SISTE klokka 01.02: Politiet har kontroll på alle dei 16 bebuarane.

brann bergen

SLØKT: Det var lenge opne flammar og kraftig røykutvikling på staden. Like før midnatt melde brannvesenet om at brannen var sløkt.

Foto: Kari Nygård Tvilde / NRK
Brann Finnegårdsgaten

ALT MANNSKAP UTE: Brannvesenet sende alt tilgjengeleg mannskap til brannen i Finnegårdsgaten.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Brann Finnegårdsgaten

STORBRANN: Det var lenge fare for at brannen skulle spreie seg til andre deler av huset.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Brann Finnegårdsgaten

BRANN I ELDRE BYGÅRD: Årsaka til brannen i Finnegårdsgaten er enno ikkje kjent.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Då naudetatane kom fram til Finnegårdsgaten i Bergen, var det full fyr i fjerde etasje i bygget.

– Det gjekk litt tid før me fekk oversikten over kor mange bebuarar som budde i bygget. Men no har me kontroll på alle, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Kjersi Eidsnes.

Politiet har starta avhøyr av bebuarane i huset. Årsaka til brannen er enno ikkje kjent.

Storbrann i Bergen sentrum

Klokka 22.45 fekk brannvesenet melding om røykutvikling i 4. etasje i ein eldre bygård i Finnegårdsgaten.

– Dette er ein storbrann i ein gammal bygard. Det er opne flammar og kraftig røykutvikling, seier vaktkommandør i brannvesenet, Jan Henning Fossedal.

Ifølgje NRKs reporter på staden flauma det røyk ut av bustadhuset. Vegane kring området blei sperra av.

Klokka 23.51 melde brannvesenet om at brannen er sløkt.

– Me går no inn for å prøve å redde dei verdiane som ikkje har brunne opp, seier vaktkommandør, Jan Henning Fossedal.

Brannvesenet driv no etterslukking på staden.

Blir innlosjerte på hotel i natt

Ingen personar skal ha komme til skade i brannen. Fire av dei evakuerte bebuarane blir innlosjerte på hotel i natt.

– Då me kom fram til staden hadde ein del av bebuarane evakuert. Ingen er meldt sakna, men me ventar på oversikt over kor mange som er ute, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Hordaland politidistrikt, i 23.30-tida.

Kring halv eit hadde politiet fått snakka med 14 av dei 16 bebuarane i bygget. Ein halvtime seinare hadde politiet kontroll på alle bebuarane i huset-

Alt tilgjengeleg mannskap ute

Brannvesenet sende alt tilgjengeleg mannskap og 10-12 bilar for å få kontroll på brannen. Røykdykkarlag blei sendt inn i leilegheita for å få kontroll på flammane.

Det var lenge fare for at brannen skulle spreie seg til andre deler av huset.

– Me har ikkje kontroll på brannen, og det er fare for at den spreier seg til andre etasjar av huset, sa vaktkommandør Jan Henning Fossedal i brannvesenet til NRK kring klokka 23.

Like før midnatt melde brannvesenet om at brannen var sløkt.

– No startar me ettersløkking på staden. Me vil prøve å berge så mykje som mogleg av det som ikkje har brunne opp, seier vaktkommandør Jan Henning Fossedal.

brann Finnegårdsgaten

FINNEGÅRDSGATEN: Vegane kring bustadhuset blei sperra av under brannen. Klokka 23.51 melde brannvesenet om at brannen er sløkt.