Hopp til innhold

– Overvektige kan ta skade av laks

Ein ny studie frå Universitet i Bergen viser at overvektige har mindre risiko for å få livsstilsjukdommar om dei unngår miljøgifter i maten. Forskaren bak studien oppmodar no overvektige til å ikkje eta oppdrettslaks.

Overvektige bør ikkje eta oppdrettslaks. Det meiner ein forskar ved Universitetet i Bergen. Han har delteke på ein studie som viser at overvektige har mindre risiko for å få livsstilssjukdomar viss dei unngår miljøgifter i maten.

VIDEO: Ein forskar ved Universitetet i Bergen meiner at overvektige ikkje bør eta oppdrettslaks.

Forskar i biologi ved Universitetet i Bergen, Jérôme Ruzzin, har delteke på ein studie som viser at overvektige har mindre risiko for å få livsstilssjukdomar om dei unngår miljøgifter i maten.

– For fyrste gong har vi bevis på at pasientar med overvekt utan diabetes har lite miljøgifter i seg. Eg trur no at anbefalingane på kva vi bør eta, blir endra i framtida, seier Ruzzin.

Jérôme Ruzzin

BØR UNNGÅ: Forskaren i Biologi, Jérôme Ruzzin, meiner at oppdrettslaksen er verstingen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det skal vera giftstoffa i maten som er konklusjonen på kvifor nokon overvektige får livsstilsjukdommar, medan andre er friske. Resultatet fekk dei frå eit forskingssamarbeid mellom universiteta i Noreg, Sverige og Canada.

Oppdrettslaks verstingen

Forskaren meiner at det er oppdrettslaksen som er verstingen. Miljøgiftene som forskarane meiner fører til diabetes og hjarte- og karsjukdommar, finst i all mat med feitt. Men Ruzzin peikar på den feite fisken som den største risikomaten for overvektige.

– Dei tar ein stor sjanse om dei et den, for dei vil få mange forskjellige miljøgifter i seg, seier forskaren.

Avviser åtvaringane

Ingvild Eide Graff

AVVISER ÅTVARINGANE: Forskingsdirektør i NIFES, Ingvild Eide Graff, avviser åtvaringane frå universitetsforskaren.

Foto: NRK

Forskingsdirektør i Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES), Ingvild Eide Graff, avviser åtvaringane frå universitetsforskaren.

– Her på NIFES analyserer vi ca. 12000 oppdrettsfisk kvart år. Nivåa av desse miljøgiftene har gått ned dei siste ti åra og er no veldig låge. Dei er faktisk lågare enn nivået i villaks, forklarer forskingsdirektøren.

NIFES har ansvar for å overvaka om sjømaten som vi et er trygg og Graff meiner å kunna bevisa at oppdrettslaksen er ufarleg. Ho oppmodar heller folk til å eta sjømat.

– Det er mykje farlegare å la vera å eta oppdrettslaks eller sjømat i det heile tatt, forklarer Graff.