Hopp til innhold

– Norske skular bryt lova kvar dag

June Elise Gulli blei oppmoda om å byte skule då ho blei mobba, men nekta. – Kvar månad må 100 mobba barn gjere dette, og då bryt skular lova, seier leiar i Stopp mobbingen.

June

– BRYT LOVA: June Elise Gulli blei utsett for mobbing, men nekta å byte skule. Organisasjonen Stopp mobbingen meiner norske skular bryt lova når dei tvingar elevar til å byte skule på grunn av mobbing.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Det var utestenging. Dei ville ikkje sjå på meg, dei flytta seg unna meg, eg blei ikkje invitert med på ting. Det var ikkje gøy, det var eit helvete, seier June Elise Gulli.

Sist veke fortalde NRK om June som blei mobba på skulen då ho var yngre. Ho blei oppmoda om å byte skule, men nekta.

For kvart barn som må byte skule på grunn av mobbing, har skulen gjort seg skuldig i eit lovbrot.

Leiar i Stopp mobbingen, Tore Sveum

Ifølgje organisasjonen Stopp mobbingen, er det ikkje unikt at barn som blir mobba blir plassert på andre skular. 100 barn må byte skule kvar månad, fordi dei blir utsett for mobbing, syner tal frå organisasjonen.

– Når barn må byte skule på grunn av mobbing, bryt norske skular lova, meiner Tore Sveum i Stopp mobbingen.

– For kvart barn som må byte skule på grunn av mobbing, så har skulen gjort seg skuldig i eit lovbrot. Då har dei brote Opplæringslova §9a-3, som seier noko om skulane si plikt til å sikre eit trygt psykososialt miljø for alle elevar.

– Skulane bryt lovverket

Tore Sveum

– SKULANE BRYT LOVA: – For kvart barn som må byte skule på grunn av mobbing, så har skulen gjort seg skuldig i eit lovbrot, meiner leiar i Stopp mobbingen, Tore Sveum.

Foto: privat

Sveum meiner at skulen og kommunen ofte ikkje er kjend med korleis lovverket faktisk er.

– Før skulane kan flytte ein mobbar må dei dokumentere at dei har gjort alle dei nødvendige tiltaka som planverket seier dei skal gjere. Dei må og syne til det ikkje har løyst mobbeproblematikken.

Sveum seier dei erfarer at skulane i lita grad oppfyller lovverket når det gjelder å setje inn tiltak.

– Å gjere det inneber mellom anna at dei må fatte enkeltvedtak for å kunne dokumentere det. Dette gjer dei framleis i svært lita grad.

Regjeringa vil gjere det lettare å flytte mobbarar

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)

FORESLÅR Å ENDRE LOVA: – Me gjer no lovverket tydelegare, slik at det kjem klart fram at det er mobbaren som skal byte skule, seier Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Denne påstanden trur eg ikkje stemmer. Uansett så har jo me sagt at me ønsker å endre lova fordi me meiner det er eit problem at i ein del tilfelle er det den som blir mobba og trakassert som må byte skule, ikkje mobbaren, seier Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Regjeringa foreslår no å presisere i opplæringslova og privatskulelova at det er mobbarane som må byte skule.

– Viss det fyrst er slik at nokon må byte skule, så er det jo slik at systemet allereie har svikta. Ideelt sett skal me oppdage og overvinne mobbing før det kjem til det.

LES OGSÅ: – Ingen grunn til å avlyse anti-mobbearbeidet