Hopp til innhold

– No må vi bli ferdig med fortida

Carl I. Hagen meiner Terje Søviknes bør få ein sentral plass dersom Frp dannar regjering etter neste stortingsval.

Terje Søviknes.
Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Dersom Frp kjem i regjering etter neste års stortingsval, er tida moden for å løfte fram Os-ordføraren Søviknes. Det fortel Carl I. Hagen til Nettavisen.

– Søviknes er rehabilitert i Frp, etter mange år som vellukka ordførar i Os. Han er ei drivkraft som får ting til. Vi treng fleire av hans type. Han er og rehabilitert hjå folket, trur Hagen.

Carl I. Hagen

Carl I Hagen peika ut Søviknes som sin framtidige arvtakar, fram til ein skandale satte ein stopper for Søviknes sin karriere i rikspolitikken i 2001.

Foto: Morten Rakke, Rakke, Morten

Eksemplarisk ordførar i Os

Søviknes har vore ordførar i Os sidan 1999. Frå 1999 til 2001 var han nestformann i Framstegspartiet saman med Siv Jensen. Carl I. Hagen omtalte han den gong som framtidig formann i partiet.

Søviknes trakk seg frå alle sentrale verv det året, etter at det vart kjent at han hadde hatt seksuell omgang med ei 16 år gamal jente.

– Nok no

– Når er du straffa nok? Han må leve med sin dumhet, det må også borna hans. Det meiner eg er feil, seier Hagen.

– Ein anonymiserer når det gjeld ukjende personar. Eg skulle gjerne ynskje at ein kunne gi seg med å namngi etter eit bestemt antal år når saka skal nemnast.

Ba om tilgiving

Terje Søviknes

- Gløym fortida og røyst på meg, ba Terje Søviknes om under landsmøtet i 2010. Han fekk likevel ikkje plass i sentralstyret.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

På partiets landsmøte i 2010, ba ein audmjuk Søviknes om at partiet måtte gløyme enkelte episodar og røyste på han. Den tidlegare kronprinsen i partiet tapte kampen mot stortingsrepresentant Bård Hoksrud. Usemje om bompengar var sentral i kampen mellom dei to.

– Eg er litt skuffa, eg hadde gleda meg til å jobbe med Siv Jensen, sa Søviknes i 2010.

– Eg trur ikkje døra er lukka for evig og alltid. Vi må ikkje overdrive det her. Landsmøtet måtte velje blant fire svært gode kandidatar, og ein av dei kunne ikkje nå opp, sa Siv Jensen den gong.

Carl I. Hagen

Den tidlegare partiformannen trur ikkje skandalene som har prega partiet i 2011 får store konsekvensar for partiets opplsutning.

Foto: Geir Otto Johansen / SCANPIX

– Skremmer ikkje veljarar


Hagen trur heller ikkje veljarane lar seg påverke av sex-skandalane. Partiet har vore igjennom to skandalar i seinare tid, og har mista oppslutning sidan Frp-kongen sa frå seg leiarvervet i 2006.

– Eg trur ikkje det skuldast enkeltsaker - som saka til den tidlegare FpU-leiaren, og representanten som var i Riga. Slike saker har ikkje noko hovudansvar for oppslutninga kring partiet, seier den tidlegare Frp-formannen.