Hopp til innhold

– Mjølkekvotane kan forsvinne frå distrikta

Regjeringas tilbod i årets jordbruksoppgjer betyr ei dramatisk omlegging av mjølkeproduksjonen, meiner Hordaland bondelag.

Kyr i fjøs

– ALVORLEG: Regjeringas forslag vil få alvorlege konsekvensar for mjølkeproduksjonen, meiner leiar i Hordaland bondelag Frøydis Haugen.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Det er skummelt at dei vel å leggje seg på det nivået. Står dei fast på dette, får det alvorlege konsekvensar, seier leiar i Hordaland bondelag, Frøydis Haugen.

Ho reagerer kraftig på at Regjeringa i dag foreslo å kutte i overføringane til landbruket med 110 millionar kroner. Forslaget er milevis frå kravet frå bondeorganisasjonane som var på 950 millionar kroner.

– Bøndene vil få endå lågare inntekter

Tilbodet samsvarar verken med kravet frå bøndene eller kravet frå Stortinget om å produsere meir mat på norsk jord, meiner Haugen.

Lars Petter Bartnes

– NEGATIVT SIGNAL: Noregs bondelag vil gå gjennom tilbodet for å sjå om det gjev grunnlag for forhandlingar, seier leiar Lars Petter Bartnes.

Foto: Norges Bondelag

– Dei tek overhovud ikkje verken vårt eller Stortingets krav på alvor. Me bad om å få redusert avstanden i inntekter mellom bonden og andre yrkesgrupper i samfunnet. Det har også dei fleste partia på Stortinget stilt seg bak. Men tilbodet me fekk er rett og slett ein drastisk nedgang i inntekter. Me vil hamne enno lenger bak andre i lønn enn det me alt er i dag, seier Haugen.

Ho får støtte frå leiar i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes.

– Dette skapar stor frustrasjon hos bonden, og sender eit klart negativt signal til næringa, seier Bartnes.

Noregs bondelag vil no gå gjennom tilbodet for å sjå om det gjev grunnlag for forhandlingar.

Foreslår å kutte mjølkekvoteregionar

Haugen er spesielt uroa over at Regjeringa foreslår å kutte talet på mjølkekvoteregionar. Bondelaget har stått fast på 18 regionar, men i årets jordbruksoppgjer foreslår staten å redusere dette talet til sju eller ni.

Frøydis Haugen - ku-prat

FÆRRE KVOTAR I FYLKET? Frøydis Haugen i Hordaland bondelag meiner forslaget frå Regjeringa vil få alvorlege konsekvensar for mjølkeproduksjonen.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Det vil bety ei dramatisk omlegging av mjølkeproduksjonen slik den er i dag. I Hordaland har me mjølkeproduksjon, sau og frukt som dei store berebjelkane, og mjølkeproduksjonen er den sterkaste.

– Slår ein saman til store regionar, kan ein risikere at kvotane rett og slett forsvinn ut av fylket, og at me mister mjølkeproduksjonen som berebjelke i Hordaland, seier Haugen.

LES OGSÅ: Staten om bøndenes krav: – Krevende utgangspunkt

– Kan råke næringsmiddelindustrien

Forslaget vil ikkje berre vil råke bøndene som produserer mjølka, men også næringsmiddelindustrien, meiner Haugen.

– Dette kan flytte produksjonen frå distrikta til enkelte regionar, slik at ein vil få ei sentralisering av arbeidsplassane. Sentraliserer ein produksjonen er det også lettare å gjere det same med industrien, for eksempel meieria.

– Det er viktig for bøndene at ein får utnytta ressursane der dei er, men me har også ein næringsmiddelindustri som er viktig for dei tilsett der og for verdiskapinga i fylket.

LES OGSÅ: Desse bøndene er ein del av ein trend | – Vi skal kunne leve akseptabelt