Hopp til innhold

– Me rykka ikkje akkurat opp med stil

Midtbanespelaren Kasper Skaanes er klar for endå ein tøff sesong i Brann-drakta. Han er førebudd på å liggja på nedre del av tabellen.

Intervju Kasper Skaanes på La Manga.

VIDEO: Sjå intervjuet med Kaspar Skaanes frå Brann på La Manga her.

– Me rykka ikkje opp med stil frå 1. divisjon. Me må sjå oss sjølv i spegelen og seia at me ikkje er betre enn det me er akkurat no, seier 20 år gamle Kaspar Skaanes.

Han har spelt for A-laget i Brann sidan 2012, og har vore med på både opp- og nedturar. Han er mentalt førebudd på at det kan bli ein ny sesong på nedre halvdel av tabellen.

– Men me håpar me skal sleppa nedrykkskaoset.

Brann-spelarane denne veka varma opp til seriestart på La Manga. 13. mars er det duka for første kampen i eliteserien. Den skal dei spele borte mot Strømsgodset.

– Som ein familieklubb for meg

Skaanes kom frå Nymark IL til Brann i 2009, og spelte på gutelaget. For han har klubben alltid vore nummer ein.

– Eg har vore supporter heile livet, det er nesten som ein familieklubb for meg. Skal eg spela i Noreg, så er det her eg vil spela.

Draumen om utlandet har han likevel.

– Eg har ambisjonar om å komma meg ut, og prøva meg i utlandet ein gong også. Det er eit mål eg har hatt sidan eg var liten.

– Ein treng litt flaks

– Det er mange unggutar som drøymer om å få gjera som deg. Kva skal til for å nå målet?

– Eg har erfart at ein skal ha ein porsjon flaks i fotball. Men hardt arbeid over tid lønar seg som oftast. Eg hadde mange timar på bana kvar dag, der eg hadde det gøy.

I morgon kan du lesa kva tankar Vadim Demidov har om den komande sesongen.