Hopp til innhold

– Kommunen har ignorert oss

Fjell kommune får sterk kritikk for å ha fylt steinmassar i Straumesundet. Men fyrst etter at steinen er på plass skal kommunen behandle klagene frå motstandarane.

Liv Strømme

– KOMMUNEN HAR IGNORERT MOTSTANDEN: Liv Strømme står i bresjen for 500 personar som har klaga inn Fjell kommunes avgjersle om å fylle steinmassar i Straumsundet. – Straumforholda i sundet har blitt farlege, meiner ho.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Straumforholda i sundet har blitt farlege.

Liv Strømme

– Kommunen har kontant avist og dyssa ned klagene våre, seier Liv Strømme.

Ho har stått i bresjen for kritikken mot Fjell kommune, etter at kommunen la svære steinfyllingar ut i Straumsundet for å gi plass til blokker med 250 bustader pluss næringsbygg.

Motstandarane av prosjektet Straume Sjøfront har klaga på planane til Fjell kommune, men desse vert fyrst behandla no. Lenge etter at halve Straumsundet er fylt att med stein.

– Straumforholda i sundet har blitt farlege. Eg har vore kajakkpadlar, men torer ikkje lenger å ferdast der. Men kommunen har berre ignorert motstandarar i området, seier Straume.

LES OGSÅ: Privatperson fekk nei til å reise bod i strandsona – 100 meter unna fylte kommunen att Straumsundet.

– Her er det ikkje farlege straumar

Eli Berland

AVVISER KRITIKKEN: – Det er ingenting som tilseier at det inneber noko risiko å ferdast i sundet etter fyllingane, seier ordførar i Fjell kommune Eli Berland.

Foto: NRK

Kommunen har ignorert klagene frå om lag 500 personar i lokale båtlag og hyttelag, seier Liv Strømme.

– Kommunen har sagt at klagene kom for seint, dei har sagt at det er ingenting å klage på, og så langt er berre blitt dyssa ned.

Ordførar i Fjell kommune Eli Berland avviser at kommunen har vore uryddige når dei ikkje har behandla klagene før etter at steinmassane var komme på plass.

– Planane var godkjent i 2010. At noko skal vere uryddig i dette, kan eg ikkje sjå.

Straumsundet har ikkje farlege straumar, sjølv om den nye fyllinga har snevra sundet inn til halv breidde, seier Berland.

– Det er ingenting som tilseier at det inneber noko risiko å ferdast der.

Skal behandle klagene i etterkant

Fylling ved Bildøy

STEINFYLLING: I dag er store delar av sundet 100 meter nord for moloen til Straume tetta igjen med ei svær steinfylling til det nye bygget.

Foto: Kjell Jøran Hansen

Motstandarane si klage gjekk til Kystverket, som no har pålagt kommunen å behandle klagen. Motstandarane sin kritikk blir no omsider behandla av lokalpolitikarane i neste formannskapsmøte.

– Har klagarane sjanse til å bli tatt til følge, no når steinfyllinga er på plass?

– Det kan ikkje eg svare på i dag.

Ordførar Eli Berland tykkjer motstandarane er for seint ute.

– Eg meiner det, dei skulle gjerne vore litt tidlegare på bana. Eg tykkjer det er trasig med slike omkampar stadig vekk.

Strømme er ikkje einig i at dei har klaga for seint.

– Me var på banen, og då fekk me sjølvsagt høyre at dette ikkje er noko sak. Det har vore på mange måtar ei sterk overkøyring frå kommunen si side.

LES OGSÅ: Forskjellsbehandling i strandsonen - Østfold