Hopp til innhold

– Kommunane må ta inn over seg at verda ikkje står stille

Kommunaldepartementet svarar på kritikken frå ordførarar som er frustrerte over «reformjungel».

Statssekretær Jardar Jensen

Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner kommunane må godta at dei ikkje har full oversikt over alle økonomiske og andre effektar når dei vurderer kommunesamanslåing:

Foto: Sander Andersen / NRK

Fleire ordførarar i Hordaland meiner diskusjonen om kommunesamanslåingar vert hemma av reformforslag som ingen veit konsekvensane av.

– Regjeringa gjer det umogleg å sjå konsekvensane av samanslåing. Det er som å vera på fjellet, med kart, men utan kompass, sa Tysnes-ordførar Kjetil Hestad til NRK tidlegare i dag.

Det er spesielt eitt reformforslag som råkar mange kommunar i Hordaland, nemleg forslaget om å fjerna lokal eigedomsskatt på industrianlegg.

– Vanskeleg å forhandla om samanslåing

– Der er det snakk om milliardbeløp i tap. Det gjeld over 300 kommunar, og vi veit enno ikkje kva for kompensasjon vi vil få. Det nye inntektssystemet for kommunane veit vi heller ikkje rekkevidda av. Dermed blir det utfordrande å gå i seriøse forhandlingar om samanslåing, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, som leiar eit nettverk av sju kommunar som har ilandføringsanlegg for olje og gass.

Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner kommunane må godta at dei ikkje har full oversikt over alle økonomiske og andre effektar når dei vurderer kommunesamanslåing:

– Kommunane må ta inn over seg at verda ikkje står stille, når dei skal vurdere å slå seg saman med andre kommunar for å kunne levere gode tenester til innbyggjarane sine også om 20–30 år. Ein kan ikkje sitte og vente på at alt blir fastlagt, for det blir det ikkje. Ting vil endre seg heile tida. Då må ein ta utgangspunkt med det ein veit i dag.

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås seier manglande informasjon om framtidige inntekter gjer det umogleg å forhandla om kommunesamanslåing.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Trur ikkje det er snakk om ein milliard

– Når det gjeld uvissa om inntektssystemet, har vi sagt at det ikkje skal bli store omveltningar, og at det blir overgangsfasar så det ikkje slår for hardt ut, seier Jensen til NRK.

– Kor god valkampsak er det å ta godt over ein milliard kroner frå kommunane rett før lokalvalet?

– Regjeringa har ikkje konkludert. Vi veit ikkje at det er snakk om ein milliard. Eg trur ikkje talet blir så høgt som nokre fryktar. Etter at høyringsfristen er ute, vil regjeringa behandle dette kjapt, svarar statssekretær Jardar Jensen.

– Ikkje intensjonen å tappa kommunane

Helge Andre Njåstad (Frp) frå Austevoll er leiar av kommunalkomiteen på Stortinget:

– Eg trur ikkje ei mindre teknisk justering av eigedomsskatten flyttar store veljarmassar.

– Kallar du det å ta vekk over ein milliard kroner i lokal eigedomsskatt på produksjonsanlegg til kommunane for ei mindre justering?

– Det er i alle fall ikkje regjeringa og Stortinget sin intensjon å tappa store milliardbeløp ut av kommunane. Me vil heller styrke enn å svekke kommuneøkonomien. Dette er berre eit høyringsutkast og ikkje regjeringa sin offisielle politikk. Dette er ein prøveballong me sender ut for å teste meiningar og få innspel.

Helge André Njåstad

Leiar av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (FrP).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK