Hopp til innhold

– Innbyggjarane må få avgjere sjølve

Det nye noregskartet til NIVI får blanda mottaking i Hordaland. Dei føreslår at 33 kommunar i fylket blir til sju store. – Innbyggjarane må få avgjere sjølve, meiner ordføraren i Masfjorden.

Karstein Totland og kommunar

STORKOMMUNAR: Slik vil NIVI at Hordaland og Sogn og Fjordane skal sjå ut. Karstein Totland meiner innbyggjarane i kommunane må få velje sjølve om dei skal slå seg saman.

Foto: Montasje

I går presenterte NRK ein rapport frå analyseselskapet NIVI. Dei har på oppdrag frå NRK laga eit forslag på korleis framtidas kommune-Noreg skal sjå ut.

I rapporten deira blir 428 kommunar i landet til 105. Eit dramatisk kutt som medførar at 75 prosent av dagens kommunar vert lagt ned og slått saman med naboane. I Hordaland blir dagens 33 til sju storkommunar.

Det er ordføraren i vesle Masfjorden lunken til.

– Mitt utgangspunkt no er at eg er litt skeptisk til å gå direkte inn i ein slik storkommune, seier ordførar Karstein Totland i Masfjorden kommune.

– Bør sjå på andre modellar

Han er ordførar for berre 1700 personar. Men han ser helst at Masfjorden held fram som eigen kommune.

– Eg meiner vi bør sjå på andre modellar enn ein storkommune.

Artikkelen held fram under kartet

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Kart - kommunesammenslåing» i nytt vindu

Professor Nils Aarsæther i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø meiner det kan vera realistisk med nye kommunegrenser.

– Det kan vere realistisk nok all den stund vi står føre eit stortingsval og det er fleire parti som går til val på at Stortinget skal overta retten til å bestemme inndelinga av kommunane i Norge, meiner han.

Forventar debatt

På det nye Hordalandskartet strekkjer Nordhordland seg frå Meland i sør til Gulen i nord. Storkommunen Voss får både Ulvik, Granvin og sognekommunane Vik og Aurland (sjå faktaboks).

– Eg vil forvente at vi i likskap med «Christiansenutvalet» i 1992 får ein veldig politisk debatt om dette. Og så er sjansane relativt store for, med tanke på regionreforma som vart føreslått i 2005, at det køyrer seg heilt fast, meiner Aarsæther.

NIVI har jobba utifrå kriterium om at kvar kommune skal ha minst 10.000 innbyggjarar og eit klart regionsenter.

– Dei som soknar til same tettstad bør bu i same kommune, meiner utreiar Geir Vinsand i NIVI.

Avviser ikkje ein storkommune

På Voss er ikkje ordførar Hans Erik Ringkjøp framand for tanken om å bli ein større kommune.

– Samstundes er eg ein ordførar i ein stor kommune. Så det er viktig at kommunane rundt også tenke dei type tankar.

Kven meiner du skal avgjere om ein skal leggje om til storkommunar?

– Stortinget må ta ei slik avgjerd, svarar Ringkjøp.

– Det bør gå for lokale folkeavrøystingar, meiner Totland i Masfjorden.

5 av 7 vil slå saman

Ingen av partia på Stortinget er imot kommunesamanslåingar, men SV og Senterpartiet meiner det må skje etter ønskjer frå kommunane sjølv.

Dei siste ti åra har seks kommunar vald å slå seg saman med naboen.

Det meiner Frp, Høyre, KrF, Venstre og Ap går for sakte. Desse partia vil også ha friviljuge samanslåing, men ser ikkje bort frå bruk av tvang. Dei opnar difor for at regjeringa og Stortinget skal bestemma kor mange kommunar i Norge skal bestå av.

Vil du ha sju storkommunar i Hordaland? Sei di meining i kommentarfeltet!