Hopp til innhold

– Dette er ikkje ei troll av eske-sak

– Reaksjonen frå politikarane i Bergen tyder på at dei kanskje ikkje kjenner saka så godt, seier fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd om fredinga av Nygårdsparken.

ekerhovd nygårdsparken

OVERRASKA OVER REAKSJONANE: Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd meiner bergenspolitikarane overdriv i sine reaksjonar på ønsket om å freda Nygårdsparken.

Foto: NRK

Fylkeskonservatoren har i eit brev til Bergen kommune varsla at han ønskjer å freda Nygårdsparken i Bergen. Kommunen har til sommaren planar om å stenga parken for opprusting, og samstundes flytta rusmiljøet frå parken.

Ei freding kan gjera desse planane svært omfattande å få gjennom, og nyheita har fått byrådet i Bergen til å reagera kraftig.

Ordførar Trude Drevland meiner framlegget om freding blir ein omkamp etter at fylkeskommunen fekk nei til mellombels freding i samband med riving av gjerde i parken. Men fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd meiner Drevland tar feil.

– Vi prøver oss ikkje på omkamp

Eg ser ikkje nokon motsetnad mellom freding og tilrettelegging for ny bruk av parken.

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd

Han syner til at arbeidet med freding vart varsla for fleire år sidan, og at denne saka er ei av fleire varsler om freding som blei sendt ut på høyring før jul.

I eit brev frå september 2012 i samband med rivinga av gjerdene påpeiker Riksantikvaren at fylkeskommunen har «presisert og tydeliggjort at en fredningssak for Nygårdsparken vil bli varslet når klagen over det midlertidige fredningsvedtaket er ferdigbehandlet. Riksantikvaren legger til grunn at dette vil bli gjort».

– Saka er dermed ikkje ei troll av eske-sak, men ei varsla oppfølging. Det er ikkje riktig, slik Trude Drevland meiner, at fylkeskommunen prøver seg på omkamp, seier Ekerhovd.

Han legg ikkje skjul på at han er overraska over dei krasse reaksjonane frå byrådet.

– For oss vil dette få dramatiske konsekvensar, sa byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H) tidlegare fredag.

– Det vil hindra vårt arbeid med å rydda parken for narkomane, sa sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

– Reaksjonen frå politikarane i Bergen tyder på at dei kanskje ikkje kjenner saka så godt, seier Ekerhovd.

– Ingen motsetnad mellom freding og bruk

Han meiner dessutan at ei eventuell freding ikkje automatisk betyr at kommunen sine planar ikkje kan gjennomførast.

Dag Inge Ulstein

KRITISK: Sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Foto: NRK

– Eg ser ikkje nokon motsetnad mellom freding og tilrettelegging for ny bruk av parken. Dei historiske parkane i storbyane i Europa er kulturminne, men dei er også grøne lunger for bybuarane, seier Ekerhovd.

Han vedgår imidlertid at større tiltak kan bli vanskelegare å gjennomføra dersom ei freding blir gjennomført.

– Eg kjenner ikkje kommunen sine planar i detalj, men det gjeld å velge riktig form på tiltaka. Store og omfattande endringar av parken, samt bygging eller riving av eksisterande bygg kan komme i konflikt med ei freding, seier fylkeskonservatoren.

– Fredinga er ikkje vedteken

Ekerhovd ønskjer også å understreka at det enno ikkje er vedtatt å freda parken.

– Det er førebels berre varsla at saka startar opp. Fredinga er ikkje vedteken, slik fleire av bergenspolitikarane feilaktig trur.

Saka skal på to høyringar før saka sendast over med fylkeskommunen sitt råd til Riksantikvaren. Der må fylkeskommunen dokumentara at parken har nasjonal kulturminneverdi.

Riksantikvaren har rett nok allereie gitt ein peikepinn på kva han kjem til å falla ned på.

I brevet frå september 2012 skriv han at «det virker ikke å være omstridt at Nygårdsparken er et kulturminne av nasjonal verdi».