Hopp til innhold

– Håpar det er siste gang eg blir overkøyrd i år

Ei veke etter trafikkulukka i Florida er Brann-trenar Lars Arne Nilsen tilbake på bergensk jord.

Brann-trenar Lars Arne Nilsen gliser

SMILET TILBAKE: Lars Arne Nilsen kjenner framleis på smertene etter påkøyrsla i USA, men er no mest oppteken av å få Brann klare til eliteserie-returen.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Det vart ein spesiell start på sesongoppkøyringa for Brann-trenar Lars Arne Nilsen. Under treningsleiren på Floridas vestkyst, vart han som kjend påkøyrd av ein ryggande SUV då han sola seg utanfor leilegheita i Bradenton.

I dag var Brann-troppen tilbake på gamle trakter etter to veker i USA.

Tøff retur ventar

Nilsen slapp med skrekken i ulukka og ville helst snakka om fotball igjen då han møtte NRK i føremiddag.

– Eg er ferdig med det. Det gjekk bra, eg var heldig, men har det fint igjen no.

– Eg håpar det er siste gang eg blir overkøyrd i år, gliser Nilsen.

Men både han og Brann-spelarane er klar over at det blir ein tøff retur til toppen av norsk fotball. I sesongoppkøyringa har han ikkje lagt skjul på at Brann burde hatt fleire spelarar i troppen.

På grunn av skadar var det berre 17 spelarar som var med på lagets fellestrening i dag.

– Per i dag har vi berre tre midtbanespelarar og ein kantspelar som er frisk. Vi har folk i bakhand, men vi treng breidde på enkelte plassar.

Brann i USA

Brann har vore på to vekers treningsleiar på Floridas vestkyst. Snart reiser dei også til La Manga.

Foto: BRANN.NO

Lite aktivitet på marknaden

Men den økonomiske situasjonen i Brann er vanskeleg, og bergensarane er plassert i NFF si raude sone.

Så langt har klubben henta danske Mads Hvilsom og finske Dani Hatakka. Milliardær Trond Mohn hintar i dag om pengehjelp i Bergens Tidende, men Nilsen vil ikkje kommentera eventuelle spelarkjøp.

– Eg er veldig nøgd med spelarane som er her i dag, og jobben er å gjera dei betre. Vi klagar ikkje på dei, men vi er for lite folk til å spele over 30 kampar neste sesong, presiserer Nilsen.

Nøgd med at laget spring meir

Då laget var under Rikard Norling si leiing, kom det mykje kritikk for lite trening. Treningskulturen var noko av det første Nilsen tok tak i når han overtok roret i fjor vår.

Den knallharde sesongoppkøyringa til Brann held fram med fem kampar til og eit opphald på La Manga. Nilsen er førebels nøgd med treningane, og meiner spelarane ser ut til å orke meir i kampane.

– Vi ser veldig bra ut i forhold til den fysiske forma. Til no i vinter har vi trent veldig bra og spelarar har gode resultat på testane.

Nykomlingen Mads Hvilsom (23) er også imponert over det han har sett.

– Folk trykker skikkeleg til på treningane. Alle vil bli betre og køyrer på kvar dag. Det er noko sinnssjukt spennande på gang her, skryt den danske angrepsspelaren.

Mads Hvilsom

Branns nye danske håp, 23 år gamle Mads Hvilsom, er imponert over det han har sett så langt i Bergen. Her saman med sportssjef Rune Soltvedt.

Foto: Bernt-Erik Haaland/brann.no