Bergen kommune skal levere ein større søknad for å få arrangere sykkel-VM i 2016. Det har lagt ekstra press på noregsmeisterskapen, som vart avslutta i dag.
– Vi har kunne oppfatte korleis VM blir, med gatefest og glade norske folk som er entusiastiske. I tillegg til spektakulære bilete på TV med fjord, fjell og bruer viser vi alt vi har å by på, seier idrettsbyråd Gunnar Bakke.
Hans byrådsavdeling har fram til nyttår å lage den endelege søknaden, der ein presentasjonsvideo med bilete frå årets arrangement blir eit viktig ledd.
Idrettsbyråd i Bergen, Gunnar Bakke, skal levere søknad til UCI om å få arrangere sykkel-VM i 2016. Då blir video frå NM i år ein viktig 'arbeidsprøve'.
Foto: Nyhetsspiller / NRK– Som smurt
– Det har gått veldig bra, arrangementet har gått som smurt. Bak fasaden har det nok vore hektisk, men eg trur vi hadde gode arrangement, seier arrangementsleiaren Helge Haugsdal.
For både arrangørane og kommunen med ein komande søknad, har det vore viktig at folk strøymer til gatene for å heie fram vinnarane.
– Vi er veldig nøgde. Det var mykje folk på gaterittet på fredag og i dag då det var fellesstart for seniorklassene. Det hadde vore plass til endå fleire, men det har likevel vore fine rammer rundt det, seier Haugsdal.
Hildegunn Hovdenak vann damenes fellesstart søndag.
Foto: Twinhouse Tom EdvaldsenFår «gratis reklame» i Touren
Under fellesstarten søndag var det Edvald Boasson Hagen som stakk av med den norske trøya. Han gjekk i brot saman med lagkameraten på Team Sky, Lars Petter Nordhaug.
Dei hadde avtala på førehand at Boasson Hagen skulle vinne, difor vart det ingen spurt inn mot målstreken. For Bergen som søknadsby var det veldig viktig at Boasson Hagen vann, trur arrangørane.
– Boasson Hagen kjem til å sykle med det norske flagget på seg, under Tour de France. Då har vi ein god marknadsførar for Norge som sykkelnasjon, og det gir linken til kva han vann trøya, seier Gunnar Bakke.
Skuffande finale
– Vi skulle gjerne hatt ein lokal vinnar, men marknadseffekten av at Boasson Hagen vann betyr ein del, seier idrettsbyrådet.
– Det vart ikkje det store oppgjeret som vi (arrangørane) hadde håpa på, seier sjefen for stemnet, Helge Haugsdal.
– Samtidig vart det resultatet vi hadde håpa på. Det er viktig for Norge at den norske meisterskapstrøya er med i Tour de France. Der har vi ingen andre enn Boasson Hagen i år, seier Haugsdal.
Gaterittet fredag gjekk gjennom Bergen sentrum og var den største publikumsvinnaren. Då vann lokale Kristoffer Skjerping for Joker Merida.