Hopp til innhold

– Gassferjene går for fort

Gassferjene på Halhjem-Sandvikvåg på E39 forureinar unødig mykje, fordi dei held for høg fart, meiner forskar.

MF "Bergensfjord"

GASSAR PÅ: MF Bergensfjord er ein av dei tre gassferjene på sambandet Halhjem–Sandvikvåg.

Foto: Erik Ask

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Per Magne Einang

SENK FARTEN: Det burde ikkje vore krav om 21 knops fart på sambandet Halhjem-Sandvikvåg, meiner Per Magne Einang.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Dei tre ferjene som går i rute mellom Halhjem i Os og sørover til Sandvikvåg på Stord går på naturgass frå Nordsjøen. Difor skal dei vere meir miljøvennlege enn ferjer som går på diesel.

– Heller ei ferje til

Men Vegdirektoratet har kravd at ferjene skal gå så fort at energibruken og utsleppa har auka kraftig. Det seier forskaren som har utvikla gassmotoren for Halhjem-ferjene, Per Magne Einang.

– I ettertid kan ein sjå at ein ikkje burde ha lagt ferja ut på 21 knop på dette sambandet. Ein valde ferjer av den typen som skulle gå så fort, men det hadde vore meir fornuftig å sett inn ei ferje til og tatt ned hastigheita, seier Einang som er seniorforskar ved Marinteknisk Senter i Trondheim.

Einang meiner gass uansett vil vere meir energieffektivt og miljøvennleg enn diesel, men at Vegdirektoratet burde endre konsesjonskravet på 21 knop til neste gong.

Gassferje Bergensfjord på Halhjem

HALHJEM: MF Bergensfjord legg her til kai på Halhjem. Gassferjene MF Fanafjord og MF Raunefjord pendlar også på sambandet.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Dei burde ha vurdert det. Det er snakk om å lage eit ferjesamband som gjev fornuftig energibruk over fjorden, seier Einang.

Les også: Nekter fergen å kreve inn mer bompenger

Forsvarer fartsvedtak

Vegdirektoratet stadfestar at energiforbruk, og dermed utslepp, heng saman med fart. Dette gjev spesielt store utslag for sjøtransport.

Direktoratet meiner likevel det var ei rett avgjerd som blei teken om farten ferjene mellom Halhjem og Sandvikvåg skulle halda.

Dei vurderte den gongen dei totale kostnadane og tidsbruken for dei reisande opp mot miljø.

– Vi kom den gongen fram til at det var totalt samfunnsmessig rett å la ferjene gå med dagens fart, seier Edvard Thonstad Sandvik i Vegdirektoratet i ein epost til NRK.

Han seier vidare at den gassteknologien som er på ferjesambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg mest synleg vil redusere klimagassutsleppa samanlikna med dieselmotorar.

– Uavhengig av fart vil gassmotorar sterkt redusere lokal og regional forureining som NOx og svovel, seier han.

Thonstad Sandvik seier vidare at vegvesenet ikkje kan kommentere krav i den komande konsesjonsperioden.

Fjord1 som driv gassferjene på Halhjem-Sandvikvåg, vil ikkje uttale seg om saka, fordi dei i sommar skal konkurrere om ny konsesjon.

Les også: Må betala bompengar her likevel

Halhjem Sandvikvåg